Elias Georgsson Mork () var ein norsk forstmann frå Otterøya i Nord-Trøndelag.

Gardbrukarson Mork tok eksamen ved Noregs landbrukshøgskule i 1923 og vart dr.agr. same staden i 1934. Frå 1947 var han professor og leiar for Det norske Skogforsøksvesen, busett på Ås i Akershus. Sidan 1951 var han medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo.

Mork «granska oppyging av skog i Namdalen og i fjelltraktene og har gjeve ut mange skrifter om skog og trevyrke».

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958

Kategori:Norske forstfolk Kategori:Folk frå Namsos