Lasiognathus amphirhamphus er ein djupvassmarulk i familien Thaumatichthyidae.

Individet som gav opphav til skildringa av arten vart fanga på trål midtaust i Atlanterhavet, sørvest for Madeira på ei djupn mellom 1200 og 1305 meter. Arten skil seg frå andre artar i slekta Lasiognathus mellom anna gjennom at han har to beinete krokar i agnet i staden for tre (berre hofiskar i slekta er skildra), og det vitskaplege namnet speglar dette. Av artane i slekta liknar han mest på Lasiognathus saccostoma

Kjelder

Kategori:Marulkar Kategori:Fisk i Atlanterhavet