Robert Broderick James «Robbie» McIntosh () var ein skotsk trommeslagar frå Dundee. Han var med på å skipe Average White Band.
Før han var med på å skipe AWB i 1971-72, hadde McIntosh vore medlem av banda The Senate med Alex Ligertwood og The Primitives seint i 1960-åra.
McIntosh døydde av ein heroinoverdose, på ein fest etter ein konsert på Troubadour i Los Angeles. Dette skal ha vore eit uhell og han og bandmedlemmet Alan Gorrie skal ha trudd det var kokain. Gorrie vart redda av Cher som heldt han vaken lenge nok til at han fekk hjelp. Den 30 år gamle millionæren Kenneth Moss, som var vert for festen, vart dømd for mord av ein storjury.«Whiz Kid Indicted», Deseret News, 21. februar 1975, s. 2A
Diskografi
Med Herbie Mann London Underground - Atlantic, 1973 Med Chuck Berry The London Chuck Berry Sessions - Chess, 1972 Med Rod Stewart Human - Atlantic, 2001
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Robbie McIntosh (drummer)» frå , den 8. juli 2017. oppgav desse kjeldene: http://retrodundee.blogspot.com/2011/09/primitives-on-film-1969.html
Bakgrunnsstoff The Gazetteer for Scotland
Kategori:Skotske trommeslagarar Kategori:Musikarar frå Dundee Kategori:Average White Band-medlemmar Kategori:Døde av heroinoverdose