Lester «Mad Dog» Davenport () var ein amerikansk Chicago blues-munnspelspelar og songar.
Han var fødd i Tchulau i Mississippi, men flytta til Chicago då han var 14 år. Der spelte han med Arthur Spires, Snooky Pryor og Homesick James og så med Bo Diddley. For Diddley spelte han munnspel på innspelingar for Chess Records i 1955. Han leia si eiga gruppe i 1960-åra, medan han arbeidde på dagtid som spraymålar. I 1980-åra spelte han munnspel for gruppa Kinsey Report.
Davenport gav ut det første albumet under sitt eige namn i 1992 og følgde opp med I Smell a Rat i 2002.
Diskografi When the Blues Hit You (Earwig Music, 1992) I Smell a Rat (Delmark Records, 2002)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lester Davenport» frå , den 10. juli 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Bill Dahl, [ Lester Davenport] på Allmusic
Kategori:Folk frå Tchula i Mississippi Kategori:USA-amerikanske bluesmunnspelspelarar Kategori:USA-amerikanske bluessongarar Kategori:Bluesmusikarar frå Mississippi Kategori:Chicago blues-musikarar Kategori:Døde av prostatakreft