Tancred Ibsen () var ein norsk filmregissør og føregangsmann innan norsk film. Han stod bak den første norske lydfilmen, Den store barnedåpen, i 1931.
mini|venstre|Lillebil og Tancred Ibsen.
Tancred var son av Sigurd og Bergliot Ibsen og dermed soneson av Henrik Ibsen og dotterson av Bjørnstjerne Bjørnson. Han vart fødd i Gausdal, men voks opp i Oslo, Stockholm og Italia ettersom familien flytte. Han utdanna seg først til offiser og flygar. Tancred møtte Sofie Krohn, betre kjend som skodespelaren Madame Lillebil, under Verdsutstillinga i Oslo i 1914, og gifta seg med henne i 1919.
Det var under ein av Lillebil sine turnéar i USA at han blei introdusert for filmskaping, og i åra 1924–25 arbeidde han som assistent i Hollywood. Så drog Tancred Ibsen tilbake til Noreg og tok til med å laga eigne filmar, gjerne basert på norsk litteratur. Den store barnedåpen kom ut i 1931, deretter Fant i 1937, Gjest Baardsen i 1939, Tørres Snørtevold i 1940, Den farlige leken i 1942, Venner i 1960 og Vildanden i 1963.
Kjelder www.kulturnett.no Utdjupande artikkel om Ibsen i NBL, skriven av Trond Olav Svendsen.
Ibsen, Tancred Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk frå Gausdal Kategori:Norske flygarar Kategori:Norske manusforfattarar Kategori:Familien Ibsen Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund