Maren Nævdal Mjelde () er ein norsk fotballspelar frå Espeland i Bergen. Ho er lagkaptein på landslaget og spelar på Chelsea L.F.C..
Ho hadde per 10. mars 2020 spelt 148 landskampar for Noreg og skåra 19 mål. Mjelde spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1. Erik Mjelde er hennar eldre bror.
Aktiv Mjelde debuterte på Arna-Bjørnar i 2005 og spelte på laget til 2012. Frå 2013 var ho i halvtanna år aktiv i tyske Turbine Potsdam, før ho sommaren 2014 melde overgang til svenske Kopparberg. Der etter var ho Avaldsnes-spelar i sesongane 2015-16. Frå 2017 til -18 har Mjelde kontrakt med engelske Chelsea FC.
Landslagsdebuten fekk Mjelde 27. oktober 2007. Det neste året var ho kaptein på det norske laget som tok seg heilt til finalen i europameisterskapen for juniorar (J-19). Frå mars 2009 var ho tilbake på Noregs landslag og deltok både i Fotball-EM 2009 og VM 2011, oftast plassert på høgrebacken, men òg som midstoppar. Under EM i fotball 2013 i Sverige var Mjelde ein av dei beste norske spelarane i ein meisterskap som enda med finaletap 0-1 mot Tyskland. To år seinare utmerkte ho seg med eit frisparkmål i ein kamp mot Tyskland under Fotball-VM 2015, der Noreg seinare rauk ut allereie i åttedelsfinalane.
Sidan hausten 2015 har Mjelde vore kaptein for Noreg. Dei siste åra har ho på landslaget vekselvis vore midtstoppar og midtbanespelar.
Merittar EM-sølv: 2013 EM-semifinalist: 2009
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maren Mjelde» frå , den 16. juli 2017.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Bergen