mini|Pericyttar er synlege på dette elektronmikroskopbiletet kring ei lita blodåre med ei raud blodselle (E) inni Pericyttar er seller som finst kring kapillar-blodårer, der dei sit på endotelseller. Til liks med seller i vaskulær glatt muskulatur vert dei kalla muralseller. Pericyttar sender ut lange greiner kring blodårene og har ein dominerande sellekjerne med lite cytoplasma. Dei har evna til å trekkja seg saman.
Pericyttar er viktige i opphavet av visse sjukdomar i sentralnervesystemet, som Alzheimer og slag. I pasientar med Alzheimer er det observert nedbryting av pericyttar ved blod-hjernebarrieren. Pericyttar er òg observerte i endra former og reduserte tal hjå diabetespasientar.
Pericyttar regulerer betennelsesreaksjonen ved skade, spelar ei rolle ved danning av nye blodårer og kan regulera blodstrøyminga i blodårene dei sit på.
Kjelder
Kategori:Humane celler