The Rill Thing var eit studioalbum av Little Richard og det første albumet hans på tre år. Det hadde ein ny stil og er stort sett eit swamp rock-album med den største singelen til Little Richard etter Specialty Records-tida med «Freedom Blues». Denne singelen nådde Billboard topp 50. Ein mindre suksessrik oppfølgjar, «Greenwood, Mississippi», nådde topp 90 på Billboard-lista og 56. plassen på Cashbox Black Singles-lista. Tittelsporet er ein ti minuttar lang instrumental skriven av Richard. Trass i suksessen til dei to singlane og to coverversjonar, gjekk ikkje sjølve albumet inn på nokre lister.
Historie Mellom utgjevinga av The Rill Thing og det førre albumet til Little Richard, Little Richard's Greatest Hits: Recorded Live! (1967) kom det ut fleire album, men dette var berre nyutgjevingar av eldre songar.
Albumet kom ut mindre enn eit år etter Richard hadde spelt på Atlantic City Pop Festival, og med «Freedom Blues» hadde han den største hitten sin på 13 år. Denne perioden var kort tid før det vart rapportert at han brukte kokainWhite, Charles. (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press. og konsertane for å marknadsføre albumet var stadig meir ujamne, men han hadde ein minneverdig konsert i Madison Square Garden i oktober 1970. Då albumet ikkje gjekk inn på listene, valde Richard å gå i studio att i mai 1971 for å produsere oppfølgjaren for Reprise, med ein meir «tenåringsstil».
Innhald
Medverkande Spor 1,4,7 Little Richard – vokal, piano Resten av musikarane er ikkje identifiserte.
Spor 3,5,7,8,9 Little Richard – vokal, piano Harrison Callay - trompet Ronnie Eader - barytonsaksofon Harry Thompson - tenorsaksofon Charles Rose - trombone Clayton Ivey - piano Jerry Masters - bass Travis Womack - gitar Albert Lowe - gitar Roger Hawkins - trommer Eddie Fletcher - bass Jesse Boyce - elektrisk bass Wade Jackson - tenorsaksofon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Rill Thing» frå , den 22. juli 2017. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Little Richard-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Engelskspråklege album