Guttorm Sindre (Guthormr Sindri)Tilnamnet sindri kan tyde «ein som gjer sprutande gneistar». Det er namnet på ein av dvergane i norrøn mytologi, og det er òg namnet på den gode salen på Nedafjella som var bygt av raudt gull. Bakgrunnen for at skalden fekk dette tilnamnet, er ikkje kjent. var ein norsk skald som levde på byrjinga av 900-talet.

Liv og skaldskap Han må ha levt på den tida då Harald Hårfagre var konge i Noreg, og etter som han gjorde dikt om slaget på Rastarkalv, må han ha døydd ein gong etter 955. Han skal ha vore av god ætt og han var mest truleg fødd i Noreg, men ein veit elles særs lite om livet til Guttorm Sindre.

Han er nemnt i Heimskringla, i soga om Harald HårfagreSoga om Harald Hårfagre (Snorres kongesoger) red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390 og soga om Håkon den godeSoga om Håkon den gode (Snorres kongesoger) red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390, og han er òg nemnt i den større soga om Olav TryggvasonÓLÁFS SAGA TRYGGVASONAR EN MESTA av ÓLAFUR HALLDÓRSSON (norrøn tekst) (Ólafs saga Tryggvasonar en mesta). I SkaldatalSkáldatal på norrønt, frå is.wikisource er han ført opp som skald hos Harald Hårfagre, Halvdan Haraldsson (Svarte) og Håkon den gode.

I soga om Harald Hårfagre (kapittel 37) er der ei skildring om korleis Guttorm Sindre greidde å forlike Harald hårfagre og sonen Halvdan svarte. Truleg var dette den same hendinga som Jorunn Skaldmøy dikta om, i diktet «Sendebit». Han skal ha gjort dikt både om Harald Hårfagre og Halvdan Svarte, men berre nokre vers av HåkonardråpaHákonardrápa av Guttorm Sindre (Skaldic Project), om Håkon den gode, er kjent i dag. Dette diktet handlar om Håkon den gode sitt hærtog mot Danmark omkring 950, om innsettinga av Trygve Olavsson som konge i Vika, om sigrane over brorsønene (sønene etter Eirik Blodøks) i striden ved Avaldsnes omkring 953 og i slaget på Rastarkalv i 955.

Kjelder og utfyllande opplysningar Notar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Guttorm Sindre i Norsk biografisk leksikon.

Kategori:Norske skaldar Kategori:Folk frå norrøn tid Kategori:Folk i Skaldatal Kategori:Folk i Heimskringla