Wilson Boit Kipketer () er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister i 3 000 meter hinder i 1997 og vann sølvmedaljen i øvinga både ved VM 1999 og OL 2000.
Aktiv Den 6. august 1997 vann Kipketer hinderløpet i VM i Aten på tida 8.05,8. Han spurtslo verdsrekordhaldar Moses Kiptanui og Bernard Barmasai, begge to landsmenn av Kipketer. Nøyaktig ei veke seinare forbetra Kipketer i Zürich den to år gamle verdsrekorden på 3 000 meter hinder med eitt tidels sekund til 7.59,0. Verdsrekorden vart ståande i berre elleve dagar, til Barmasai i Köln sprang i mål på 7.55,7.
Både i VM 1999 og Sommar-OL 2000 vann Kipketer sølv på 3000 meter hinder. I begge tevlingane vart han slått i spurten av ein landsmann ved etternamn Kosgei, i 1999 Christopher og i 2000 Reuben.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Gullmedalje – 8.05,84, framom Moses Kiptanui (8.06,04) og Bernard Barmasai (8.06,04) VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 8.12,0, bak Christopher Kosgei (8.11,7) OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 8.21,7, bak Reuben Kosgei (8.21,4)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wilson Boit Kipketer» frå , den 29. juli 2017.
World Athletics
Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Kenyanske hinderløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kenya