The Greatest Live Show on Earth er eit konsertalbum av pianisten og rock and roll-pioneren Jerry Lee Lewis. Det vart gjeve ut på Smash Records i 1964.
Innspeling Lewis hadde alt gjeve ut eit konsertalbum i Europa på Philips i 1964 - det kritikarroste Live at the Star Club, Hamburg - men Philips hadde ikkje avtale med Smash og på grunn av juridiske restriksjonar kom ikkje albumet ut i USA. Produsenten Shelby Singleton valde å spele inn eit konsertalbum for Smash og The Greatest Live Show on Earth vart sett saman av konsertar frå Municipal Auditorium i Birmingham i Alabama føre 18 000 fans. Lewis fortalte i boka til Joe Bonomo, Jerry Lee Lewis: Lost and Found at «Shelby hadde mikrofonar over heile scenen. Det var første gongen nokon hadde teke opp eit konsertalbum på den måten. Me fekk eit bra moment og alt måtte gjerast i eitt opptak. Berre eitt forsøk. Eg trur Shelby tok bort noko av pratinga, men det var det.» Lewis vart akkompagnert av det nye turnébandet sitt som etter kort tid vart kjend som The Memphis Beats.
Innhald
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Greatest Live Show on Earth» frå , den 30. juli 2017.
Kategori:Konsertalbum frå 1964 Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Musikkalbum produserte av Jerry Kennedy Kategori:Smash Records-album