mini|Cathrine Dekkerhus i 2013
Cathrine Høegh Dekkerhus () er ein norsk fotballspelar frå Kongsvinger som vann EM-sølv med Noreg i 2013. Ho spelar på LSK Kvinner FK (2020).
Dekkerhus debuterte for Noreg i januar 2013. Eit halvt år seinare fekk ho spele EM-finale mot Tyskland frå sin vande midtbaneplass. Også i 2014 og -15 spelte ho nokre landskampar, men vart ikkje teken med i VM-troppa 2015 og stoppa dermed opp med 23 landskampar.
Frå 2008 til -10 var Dekkerhus aktiv i Team Strømmen og etterfylgjaren LSK. Ho melde frå 2011 overgang til Stabæk IF og spelte for laget i seks år.
Merittar EM-sølv: 2013 Noregsmeister: 2012 med Stabæk IF Seriemeister: 2013 med Stabæk IF
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cathrine Dekkerhus» frå , den 31. juli 2017.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Kongsvinger