Mykola Avilov eller Nikolaj Viktorovitsj Avilov () er ein ukrainsk tidlegare mangekjemper frå Odessa som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister i tikamp i 1972 og vann OL-bronsen i same i 1976.

Aktiv Avilov var i yngre år særleg dyktig i høgdehopp og gjekk over to meter allereie som sekstenåring. Då han samstundes viste seg som ein allsidig friidrettsutøvar, konsentrerte han seg etterkvart om tikamp. I 1968 presterte han heilt opp mot sitt beste under sommarleikane i Mexico-byen og vart nummer fire i tikampen med 7 909 poeng. Året etter forbetra han sitt personbeste til 7 945 poeng. Under europameisterskapen i Aten same hausten vart han på ny fjerdemann, fem poeng bak bronsemedaljøren.

Våren 1971 sanka Avilov 8 096 poeng i ei tevling i Naltsjik, men vart klart slått av Boris Ivanov som sette sovjet-rekord med heile 8 237 poeng. Under EM i Helsinki var Avilov plaga med skade og gav seg etter diskoskastinga.

I juni 1972 i Moskva vart Avilov sovjetmeister i tikamp med ny personleg rekord på 8 115 poeng. Knappe tre månader seinare, under dei olympiske sommarleikane i München den 7. og 8. september, var han i ei heilt eiga klasse og og vann gullmedaljen med over 400 poengs margin til lagkamerat og sølvmedaljør Leonid Litvinenko. Med serien 11,00 på 100 m, 7,68 i lengdehopp, 14,36 i kulestøyt, 2,12 i høgdehopp, 48,5 på 400 m, 14,31 i 110 m hekk, 46,98 i diskoskasting, 4,55 i stavhopp, 61,66 i spjutkasting og ein 1500 m gjort unna på 4.22,8 sette han verdsrekord med 8 454 poeng, 37 poeng over den tre år gamle rekorden til Bill Toomey.

Etter å ha stått over eit par sesongar kom Avilov tilbake i toppform i 1976. Han gjennomførte ein framifrå tikampserie under sommarleikane i Montreal og kom på tredjeplass, 42 poeng bak vesttyskaren Guido Kratschmer som tok sølvet. Gullet gjekk til USA-amerikanske Bruce Jenner som sette verdsrekord med 8 618 poeng.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1968 i Mexico-byen: Nr 4 – 7 909 poeng EM 1969 i Aten: Nr 4 – 7 648 poeng, bakom Viktor Tsjelnokov (7 653) EM 1971 i Helsinki: Braut tikampen etter sju øvingar OL 1972 i München: Gullmedalje – 8 454 poeng, framom Leonid Litvinenko (8 035) OL 1976 i Montreal: Bronsemedalje – 8 369 poeng

Kjelder Friidrott, aktuelle årgangar. World Athletics

Kategori:Sovjetiske mangekjemparar Kategori:Ukrainske mangekjemparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Folk frå Odessa