Portstewart er ein liten kystby i grevskapet Derry i Nord-Irland. Han ligg like nord for Portrush i Republikken Irland.
Turisme er ei viktig næring for byen, som er kjend for si fine strand. Denne er rundt 3 km, og tilhøyrer National Trust. Ho er populær blant surfarar. Byen har tre golfbanar, som alle tilhøyrer Portstewart Golf Club. Å spele golf her er ei spesiell utfordring på grunn av den sterke vinden som nesten alltid bles inn frå Atlanterhavet.
Historie mini|Sjøsida av Portstewart. Portstewart blei grunnlagd i 1792 av John Cromie, som kalla han opp etter forfedrane sine på morssida, familien Stewart frå Ballylesse. Ein løytnat Stewart skal ha fått leige landet av jarlen av Antrim i 1734.BBC – Portstewart Tidlegare var området kjend som , eit namn som viser til øya Benoney (Binne Uaine) i nærleiken. Namnet Port na Binne Uaine er framleis i bruk i dag, saman med den gæliskifiserte versjonen av det engelske namnet, Port Stíobhaird. Web page of the Port na Binne Uaine branch of Conradh na Gaeilge
Området har vore folkesett sidan yngre steinalder, men fram til midten av 1700-talet var ikkje Portstewart stort meir enn ein fiskarlandsby. På midten av 1800-talet blei byen utvikla til ein liten feriestad av den lokale landeigaren John Cromie. Utviklinga og karacteren til byen blei sterkt påverka av sabbatarianismen til Cromie-familien, og motstanden mot jernbanesamband som følge av dette. I hundreåret som følgde hadde nabobyen Portrush ei kraftigare utvikling med masseturisme enn Portstewart. Trass i trikkesamband mellom Portstewart og Cromore blei byen verande ein meir eksklusiv stad. Då biltransport blei viktigare på 1900-talet fekk Portstewart fleire vitjande, og blei også meir av ein soveby på grunn av nærleiken til Coleraine.
Frå 1950- til 1980-åra var hovudutviklinga i byen basert på utvikling av bustadsområde. Rundt 2000 førte ein auke i studentar og bruk av hus i byen som ferieheimar til at mange meinte han hadde endra karakter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Portstewart» frå , den 11. august 2017.
Bakgrunnsstoff
Nettstaden Red Sails
Kategori:Byar i Londonderry