Rhadinovirus eller gamma-2 herpesvirus er ei slekt av gammaherpesvirus som kan infisera pattedyr. Dei kan vera vanlege hjå hovudverten dei infiserer (hjå over av individa i ein populasjon), men utan at sjukdomsuttrykk hjå denne arten er kjende. Likevel er det kjent at dei kan valda kreftsjukdomar hjå andre artar. Menneskeviruset Kaposi-sarkom-assosiert herpesvirus kan derimot mellom anna valda den høvesvis sjeldne kreftsjukdomen Kaposi-sarkom hjå menneske. Det er mogeleg at andre rhadinovirus òg valdar sjeldne sjukdomar hjå hovudverten, og at desse sjukdomane ikkje er oppdaga av di dei er sjeldne.
Rhadinovirus vert delte inn i to grupper, rhadinovirus 1 (RV1) og rhadinovirus 2 (RV2). Dei kan ta opp gen frå vertsorganismen i genomet sitt.
Utanom mennesket er rhadinovirus kjende frå pattedyr som storfe, sau, hest, klatremus, vestapar og austapar.
Kjelder
Kategori:Herpesviridae