Mutaz Essa Barshim () er ein høgdehoppar frå Doha i Qatar. Han vart verdsmeister i 2017, 2019 og 2022, sommaren 2021 vart han olympisk gullmedaljevinnar i Tokyo. I tillegg har han vunne VM-sølv, OL-sølv, OL-bronse og to VM-bronsar. Hans personlege rekord på 2,43 meter er det einast verdsrekordhaldaren Javier Sotomayor med 2,45 m som overgår.

Aktiv Barshim var ein dei absolutt beste høgdehopparane i verda frå 2012. Under Sommar-OL 2012 var han ein av tre utøvarar som fekk kvar si bronsemedalje. Veker etter sommarleikane presterte han personbeste i Lausanne med 2,39 m. Denne landsrekorden forbetra han den 1. juni 2013 i Eugene i Oregon til 2,40 m. I verdsmeisterskapen 2013 i Moskva måtte han nøye seg med sølv, trass i at han tok seg over 2,38 m.

5. september 2014 vann Barshim høgdetevlinga i DL-stemnet i Brussel på 2,43 meter, ingen andre enn verdsrekordhaldaren hadde hoppa så høgt. Etter fjerdeplass i Beijing-VM 2015, lukkast han vinne sølvmedaljen under OL 2016 i Rio de Janeiro.

Barshim vann gullmedaljen både ved Friidretts-VM 2017 og Friidretts-VM 2019, i den siste meisterskapen var han den einaste som svinga seg over 2,37 meter, årsbeste for hans del. Også under Sommar-OL i 2021 presterte han 2,37 m, noko som gjorde at han italienaren Gianmarco Tamberi kunne dele gullet. Like høgt hoppa Barshim i verdsmeisterskapen 2022, og som sist fekk han gullmedaljen for prestasjonen. Både i VM 2023 og OL 2024 kneip han bronsemedaljen ved å ta den aktuelle høgda i fyrste forsøk, høvesvis 2,33 meter og 2,34 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 2,32 m OL 2012 i London: Bronsemedalje – 2,29 m VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje – 2,38 m, bakom Bohdan Bondarenko (2,41 m) VM 2015 i Beijing: Nr 4 – 2,33 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 2,36 m, bakom Derek Drouin (2,38 m) VM 2017 i London: Gullmedalje – 2,35 m, framom Danil Lysenko (2,32 m) VM 2019 i Doha: Gullmedalje – 2,37 m, framom Mikhail Akimenko (2,35 m) OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 2,37 m, delt med Gianmarco Tamberi VM 2022 i Eugene: Gullmedalje – 2,37 m, framom Woo Sang-hyeok (2,35 m) VM 2023 i Budapest: Bronsemedalje – 2,33 m OL 2024 i Paris: Bronsemedalje – 2,34 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mutaz Essa Barshim» frå , den 9. juni 2022.

World Athletics

Kategori:Qatarske idrettsutøvarar Kategori:Høgdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Qatar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Qatar Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Qatarske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Qatarske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Qatarske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Qatarske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024