Johan Nicolai Severin Lieblein () var ein norsk forfattar frå Oslo, son til egyptologen Jens Lieblein.
Severin Lieblein vart student 1885 og la sidan ut på ei lang rekke reiser i Europa, og til dels i Orienten og i Marokko. Frå dei ulike reisene sende han livaktige reiseskildringar som fyrst vart prenta i aviser. Seinare gav han frå 1901 dei ut i bøker som Fra fremmed Land, Kismet, Blaamænd, Abdallahs Gurbi, I baldakinens skygge og Skrinet med det rare i.
Lieblein skreiv også barneboka Bedre Mands Barn (1902) og ungdomsboka Det unge blod frå 1915. I 1910 kom han med Den sidste af sin Slægt, ein roman med sjølvbiografiske drag. Romanen vart i 1922 filmatisert som Farende folk.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1957
Kategori:Norske forfattarar av folkelivsskildringar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Folk frå Oslo