Galali (arabisk قلالي) er ein liten landsby i kongedømet Bahrain på Muharraq, nord for Muharraq by. Galali brukte å vere det nordlegaste punktet i Bahrain, før ein byrja å utvikle dei kunstige Amwajøyane.
Innbyggjarane i landsbyen er hovudsakleg sunni-arabarar, arabiserte persarar og afrikansk-bahrainarar. Før det vart funne olje i Bahrain, var dei fleste innbyggjarane involvert i perledykkeindustrien.
Mellom 1920 og 1925 vart mange folk her råka av pest. Dette førte til at mange drog der i frå og staden vart fråflytta. Det tok fleire år før folk kom attende.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Galali» frå , den 2. september 2017.
Kategori:Busetnader i Bahrain