Lauritz Bernhard Sirevaag () var ein norsk bankmann og politikar frå Stavanger. Han representerte Rogaland og partiet Høgre på Stortinget frå 1969 til -77.
Sirevaag var avdelingssjef i Sandnes Dampskibs-Aktieselskab 1948-1965 og sonesjef i A/S Norske Esso i Stavanger åra 1966-69. Etter åtte år på Stortinget var han frå 1977 banksjef i Rogalandsbanken A/S, fyrst fem år på Bryne og sidan like lenge i Sandnes. Der etter var han regionbanksjef og til sist distriktsbanksjef 1991-93 i Fokus Bank A/S.
Sirevaag var aktiv i lokal- og fylkespolitikken i Sandnes og i Rogaland i fleire tiår. Han var med i formannskapet i Sandnes frå 1964 til 1971, ordførar i kommunen 1968-69. Hausten 1969 vart han vald til stortingsrepresentant for Høgre i Rogaland, attvald i 1973. Dei fire fyrste åra på Stortinget var han medlem i Sosialkomiteen, i den andre tingperioden hadde han sete i Industrikomiteen. Seinare var han i tolv år, 1987-99, medlem i fylkestinget i Rogaland, der han i perioden 1987–91 var med i fylkesutvalet.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Folk frå Stavanger