Al Jahra (arabisk جهراء) er ein by 32 km vest for Kuwait by i Kuwait. Al Jahra er det administrative senteret i Al Jahra guvernement og Al Jahra-distriktet, som er jordbruksbasert. Byen har kring 400 000 innbyggjarar.

Historie Al Jahra var ein gong dominert av jordbruksland og byrja som ein liten oaselandsby. Historisk sett vart han kjend som ein handelsstasjon for kamelar og ein stoppestad på veg til Kuwait by. Han voks gradvis til ein by i lag med den historiske Raude festningen. Al Jahra var åstad for slaget ved Jahra i 1920, ein konflikt mellom kuwaitarar og saudiarabarar. I dag står det eit nasjonalmonument til minne om slaget.

Golfkrigen Under Golfkrigen var det trefningar i utkanten av Al Jahra der dei allierte øydela ein irakisk konvoi som trekte seg attende opp Mutlaryggen mellom 25. og 26. februar 1991. Den amerikanske hæren fekk ordre frå general Norman Schwarzkopf jr. om å ikkje la nokon dra inn eller ut av Kuwait med å effektivt blokkere den tilbaketrekkjande konvoien i ein 150 km stor radius. Han gav ordre om å sende Apache-helikopter armert med antitanksmissilar for å blokkere irakarane.

Samferdsle Al Jahra ligg 32 km nordvest for Kuwait by og er knytt til byen med ei rekkje ringvegar. Hovudveg 80 knyter byen til Abdaly ved den irakiske grensa. Hovudvegen vart kalla «The Highway of Death» på grunn av involveringa i Golfkrigen då dei allierte soldatane øydela ein irakisk konvoi her. Vegen vart reparert seint i 1990-åra, og vart nytta i byrjinga av den amerikanske og britiske invasjonen av Irak i 2003. Den mest nærliggande flyplassen er Kuwait internasjonale lufthamn.

Sport mini|Al Jahra kamelmarknad i 1961. Det største fotballaget er Al Jahra fotballklubb. Dei spelar på Al Shabab Mubarak Alaiar stadion med ein kapasitet på 25 000 tilskodarar. Dei har vunne Den kuwaitiske eliteserien ein gong, i 1990.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Al Jahra» frå , den 6. september 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader i Kuwait