Egersund kyrkje er ei lafta krosskyrkje ved torget i Egersund. Det har vore kyrkje på staden sidan tidleg mellomalder, men den noverande kyrkja vart oppført som langkyrkje i 1623–34. Så vart ho bygd om og utvida til krosskyrkje i 1785–88 av den tyske tømmermannen Ludvig Feyling, som mellom anna heva taket, bygde inngangspartiet mot sør og lagde ein ny preikestol, som vart montert utanpå den gamle. I 1940 vart den opphavelege preikestolen oppdaga bakom den nye og sett i stand. Årstalet 1583 er skore inn i døypefonten, og sjølv om det er usikkert om fonten er så gamal, er dette den eldste gjenstanden i sjølve kyrkja. Altartavla er frå 1607 og vart gjeven til kyrkja av lensherren Jørgen Kaas og hustrua Mette Banner. Altartavla er måla og signert av stavangermålaren Peter Reimers. mini|venstre|Altar i kyrkja Fotnotar
Kjelder Eigersund kyrkjelege fellesråd
Bakgrunnsstoff Kyrkjesøk – Egersund kirke Eigersund kyrkjelege fellesråd: Fleirspråkleg informasjon om Egersund kyrkje (Word-format) Erling Jensen: Rogalandshistorier: Egersund kirke Agderkultur om Egersund kyrkje
Kategori:Kyrkjer i Eigersund Kategori:Kyrkjer i Dalane prosti Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1600-talet Kategori:Kulturminne i Eigersund Kategori:Valkyrkjer i 1814