Åsane gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1795 på Saurås i Åsane i Bergen kommune (Hordaland fylke). Kyrkja ligg i Sauråsbakken nedanfor Saurås gard.

Historie Ei kyrkje på same staden er nemnt alt i 1598. Steinkyrkja, om lag slik vi kjenner ho i dag, vart vigsla av biskop Johan Nordahl Brun. På 1800-talet vart kyrkja bygd om fleire gonger. Byggverket er i stein og tre.

I 1935 vart kyrkja restaurert av arkitekt Ole Landmark. Eit murt sakristi vart då bygd vinkelrett på nordmuren i koret.«Norges kirker»

Kyrkja vart tent på (av Varg Vikernes og Jørn Tunsberg) og brann ned julaftan 1992.Åsane gamle kirke hos DIS-NorgeBergensavisen – Varg «Greven» Vikernes Ho vart bygd opp att som ein tro kopi med dei opphavelege steinmurane og ny treinnreiing, og vart nyinnvigd 19. november 1995 av biskop Ole Danbolt Hagesæther. Det var mogleg å byggje opp att kyrkja i same utforminga fordi ein hadde mange amatørbilete å sjå etter. Mange eldre gjenstandar som befann seg i kyrkja, gjekk tapt i brannen. Kyrkja har eit krusifiks frå 16–1700-talet som truleg er frå ei tysk kyrkje, og som skipsreiar Arne Steckmest forærte til kyrkja i 1997.

Det står ein minnebauta over falne frå Åsane i andre verdskrigen nær kyrkja. På gravplassen er det reist ein minnestein over falne russiske soldatar i krigsåra 1941–45.

Fotnotar

Kjelder Hans-Emil Lidén: Åsane gamle kirke (i «Norges kirker») Denne artikkelen bygger på «Åsane gamle kirke» frå , den 11. september 2017.

Bakgrunnsstoff Kyrkjesøk – Åsane gamle kirke Åsane kyrkjelyd

Kategori:Kyrkjer i Åsane prosti Kategori:Kyrkjer i Bergen Kategori:Norske kyrkjer frå 1790-åra Kategori:Kulturminne i Bergen