Fridalen kyrkje er ei arbeidskyrkje i Bergen kommune i Vestland fylke. Kyrkja vart bygd som kombinert interimskyrkje og kyrkjelydshus i 1937. I 1957 vart Fridalen skilt ut frå Årstad som eige sokn,Arkivverket – Prestegjeld og sogn i Bergen og kyrkja fekk sakristi, prestekontor og ny kyrkjelydssal i underetasjen.«Norges kirker» Sin noverande utsjånad fekk bygget ved ei ombygging i 1985.VL jobb: Sokneprest i Fridalen menighet. Kyrkjesøk opererer med byggjeår 1985.

Byggverket er i mur og har 450 sitjeplassar. Sjølve kyrkjesalen er ei langkyrkje.

Det er ikkje kyrkjegard på staden.

Fotnotar

Kjelder Ellen Marie Magerøy og Hans-Emil Lidén: Fridalen kirke (i «Norges kirker»)

Bakgrunnsstoff

Fridalen kyrkjelyd DIS Hordaland om kyrkja NRK: Andakten: Fridalen i Bergen

Kategori:Kyrkjer i Bergen Kategori:Kyrkjer i Bergen Domprosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1937 Kategori:Kulturminne i Bergen Kategori:Arbeidskyrkjer