Idrettslaget Skjalg er eit idrettslag heimehøyrande i Stavanger, stifta i 1935. Laget er eit særlag i friidrett.
Bjørn Paulson var Skjalg-medlem då han representerte Noreg under Sommar-OL 1948, der han vann sølvmedaljen i høgdehopp. Sidan Bjørn Nilsen var den beste sprintraren i landet i andre halvdel av 1950-åra, har Skjalg-utøvarar jamt og samt markert seg i nasjonal friidrett. NM-medaljørar i 1970-åra var høgehopparen Kirsten Levik, lengdehopparen Wenche, hekkeløparane Gro Næsheim og Geir Hamre, hinderløparen Helge Knutsen og i 1980 høgdehopparen Jan Hegland. Ingrid Kristiansen var medlem i Skjalg 1981-84 og vann fleire NM-titlar som Skjalg-utøvar. Morten Warland vart noregsmeister på 800 meter i 1982, Christin Sørum like eins på 3000 meter i 1986 og Maiken Sørumn på 1500 m i 1989. Andre medaljvinnarar i noregsmeisterskap i tiåra før 2000 er sprintarane Trond Haugvaldstad og Per Ivar Sivle, mellomdistanseløparen Bjøren L. Eltervåg og langdistanseløparen Jarl Gaute Aase.
Bakgrunnsstoff Frå IL Skjalgs heimesider
Kjelder Denne artikkelen bygger på «IL Skjalg» frå , den 13. september 2017.
Kategori:Idrettslag i Stavanger