Nord-Pas-de-Calais er ein tidlegare region i Frankrike. Han bestod av departementa Nord og Pas-de-Calais, og hadde grense til Belgia. I 2016 blei han del av Hauts-de-France.
Fram til slutten av 1900-talet vart både regionen og departementet kalla Nord. Regionen var ein gong ein del av Dei spanske nederlanda, innanfor Nederlanda, og vart ein del av Frankrike i 1713. Dei historiske provinsane som no er ein del av regionen var Artois og Flanders, namn som framleis vert nytta av innbyggjarane i dag.
Regionen hadde svært tett folkesetnad med om lag 4 millionar innbyggjarar, 7 % av den totale folkesetnaden i Frankrike. Dette gjorde Nord-Pas-de-Calais til den fjerde mest folkerike regionen i landet. 83 % av dei budde i urbane samfunn. Det administrative senteret i regionen var Lille.
Byar Arras Boulogne-sur-Mer Calais Cambrai Douai Dunkerque Lens Liévin Lille Marcq-en-Barœul Maubeuge Roubaix Tourcoing Valenciennes Villeneuve d'Ascq Wattrelos
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad –