Strinda kyrkje (også kjend som Moholt kyrkje) er ei kyrkje frå 1900 i Trondheim kommune i Sør-Trøndelag. I det ytre ser kyrkja ut til å vere ei krosskyrkje med svært korte tverrarmar, men ho er innreia som langkyrkje.Sjå t.d. bilete hos malarmeister som stod for oppussing av kyrkjesalen i 2017.
Strinda kyrkje vart bygd på Vestre Moholt etter lang planleggingstid. Vigslinga skjedde 18. oktober 1900. Arkitektar var Lars Solberg og Johan Christensen. Snikkar O. A. Henriksen bygde kyrkja for 33.500 kroner.
Byggverket er i tre og har 500 sitjeplassar.
Moholt kyrkjegård ligg ved kyrkja. Nord for kyrkja er Moholt krematorium.Trondheim kyrkjelege fellesråd om Moholt krematorium.
Kjelder Strinda kirke 100 år (PDF hos Strinda historielag) Om kirkene i Strinda prestegjeld (Utdrag frå bygdebok frå 1947)
Denne artikkelen bygger på «Strinda kyrkje» frå , den 14. september 2017.
Bakgrunnsstoff
Wiki Strinda
Kategori:Kyrkjer i Strinda prosti Kategori:Kyrkjer i Trondheim Kategori:Norske kyrkjer frå 1900 Kategori:Kulturminne i Trondheim