Samisk lydhistorie er historia til lydovergangane frå det finsk-samiske urspråket til dagens moderne samiske språk, ei historie som strekker seg over 2000 år. Lydhistoria er ein del av den allmenne samiske språkhistoria.

Utviklinga til vokalane i første og andre staving har vore ulik, og framstillinga går dermed gjennom dei kvar for seg. Deretter går ho gjennom endringane for konsonantane. For kvart tilfelle går framstillinga gjennom utviklinga fram til moderne nord- og sørsamisk, med sideblikk til finsk. Metoden for å kome fram til dei ulike språkstega er samanliknande historisk språkforsking, slik det kjem fram basert på lydmønstra i lånord og felles arveord. Sentralt for rekonstruksjonen er ikkje å finne like ord i dei ulike språka, men ord som skil seg frå kvarandre på ein systematisk måte.

Framstillinga som følgjer bygger på ein 150 år lang tradisjon med komparativ samisk og finsk språkforsking.jf. t.d. oversiktsverka Korhonen 1988, og Sammallahti 1989.

Lydsystemet i ur-finsk-samisk Vokalane i første staving

Det er mogleg å rekonstruere dette vokalsystemet for ur-finsk-samisk (her og i resten av artikkelen blir dei rekonstruerte formene presentert med det finsk-ugriske lydalfabetet):

Korte vokalar Lange vokalar Høg i ü u ī ū Mid e o ē ō Låg ä a

Vokalsystemet i finsk har endra seg relativt lite, samanlikna med utgangspunktet

Vokalar Diftongerte lange vok. Høg i ü u ie yö uo Mid e ö o Låg ä a

Nordsamisk, på si side, har fått eit femvokalsystem (eit seksvokalsystem, med fremre /á/ i nokre dialektar), og fleire diftongar.

Vokalar Diftongerte lange vok. Høg i u ie uo Mid e o ea oa Låg a

Vokalane i andre staving

For ur-finsk-samisk kan vi rekonstruere vokalsystemet for andre stavinga i ordet:Korhonen 1988:271

Vokalar Mid e o Låg ä a

Systemet går så gjennom fire ulike fasar i utviklinga fram til moderne samiske språk, ein prosess som har vorte referert til som "den store samiske vokalendringa", ein prosess som har påverka alle dei samiske vokalane:

Kvalitative endringar *ä og *a fell saman til *ȧ *o blir opna til *ᴒ e blir lukka til *ḙ Kvantitative endringar Korte vokalar blir lange Kvalitative endringar Velarisering av *ḙ til *ḙ̮ Fronting: lang vokal *ȧ til *ē Kvalitative og kvantitative endringar *ḙ̮ blir opna til *e̮

Resultatet blir dette systemet:

Korte Lange Høg i u ē ᴖ̄ Låg e̬ ǡ

Den lange *ē blir deretter til i i nordsamisk og ie i sørsamisk.

Konsonantane

Konsonantane i det finsk-samiske urspråket For det finsk-samiske urspråket kan vi rekonstruere dette konsonantsystemet.

Lab Alv Pal Retr Vel p t k ć č s ś š δ δ´ v j m n ń ŋ l l´ r

Sibilantane s, ś, š er bevart i dei mordinske og perimiske språka. I finsk har s og ś vorte s, men š har vorte h. I samisk har s og š vorte s og ś har vorte č. Sjå nedanfor for døme.

Konsonantane i moderne nordsamisk og finsk Moderne samisk har eit konsonantsystem som skil seg lite frå utgangspunktet:

Lab Alv Pal Retr Vel Far p t k c č s š h ϑ/δ v j m n ń ŋ l l´ r

Moderne finsk, på si side, har gått gjennom fleire endringar, og har mista både palatale og retroflekse konsonantar:

Lab Alv Pal Retr Vel Far p t/d k s h v j m n ŋ l r

Endringar i vokalsystemet

Ur-finsk-samiske høge korte vokalar

Ur-finsk-samisk kort /u/ har vorte til /o/ (dvs. ein kort å-lyd) i samisk:

finsk nordsamisk sørsamisk urfinsksamisk tyding (fi) purra borrat bårredh *pure- ete, bite tuli dolla dålle *tule- eld ulko- olgo- ålko- *ulko- ute- purje borjjas - *purješ segl putki boska batske *puč̣ke røyr puhua bossut båssudh *pušo- snakke tuntea dovdat dobtedh *tumte- kjenne kutea gođđat gårrodh *kuδe gyte lukea lohkat låhkedh *luke- lese, rekne usko osku - *usko- tru kusi gožža - *kunśe piss

I eldre finske lånord i samisk ser vi same vokalendringa: kumma < gopmi «under, spøkjelse», kuitenkin < goitge «likevel», kuva < govva «bilete», mutka < mohkki «sving», murhe < moraš «sorg». I yngre lån er det ikkje ei slik vokalendring, her tilsvarer finsk /u/ samisk /u/: kunnia > gudni «ære», kuru > gurra «søle», muistaa > muitit «hugse», mutta > muhto «men», runko > ruŋku «stamme», surkea > surgat «ynkeleg», uhata > uhkidit «truge».

Ur-finsk-samisk kort /i/ har vorte til /a/ i nordsamisk:

finsk nordsamisk sørsamisk urfinsksamisk tyding nimi namma nomme *nime namn silmä čalbmi tjelmie *śilmɑ̈ auge ilma albmi elmie *ilmɑ luft, himmel pilvi balva balve *pilve sky ikä jahki jahke *ikɑ̈ alder, år pistää bastit bestedh *pis-tɑ̈- stikke kire- garas garre *kiri- stram, hard kiro garru garre *kirɑ hard liki lahka lïhke *liki nær miniä mannji mænnja *mińɑ̈ svigerdotter rinta raddi räddieDenne forma brukar Lehtiranta sin ortografi. *rintɑ bryst viti vahca - *viče

I gamle lånord frå finsk til samisk har vi den same lydovergangen: hinta > haddi «pris», silta > šaldi «bru», viha > vašši «hat».

I nyare lånord tilsvarer finsk /i/ samisk /i/: pila > billi «spøk», pistää > bistit «stikke», tila > dilli «tilstand», kirja > girji «bok», kirkko > girku «kyrkje», hirmu > hirbma «ofseleg», ilma > ilbmi «luft», ihme > imaš «under, rar», itää > ihtit «spire», niska > niski «nakke», risti > rista «kross», sitkeä > siŧkat «seig».

Ur-finsk-samisk kort /y/ har vorte /a/, dvs. vorte urunda og gått gjennom same utvikling som /i/:

finsk nordsamisk sørsamisk urfinsksamisk tyding kynsi gazza gadtse *künče negl, klo yskä aski eskie *üskɑ hoste, bryst ydin ađa jïrreme *üδem kjerne pyrkiä bargat bargedh streve etter syksy čakča tjaktje *śükśi haust syli salla sïlle *süli fang

I gamle lånord har vi same lydovergang syntyä > šaddat «bli». Samisk har ikkje /y/, så i nyare finske lånord blir finsk /y/ til samisk /i/:

pysyä > bissut «forbli», kypsyä > giksat «bli mogen», hylätä > hilgut «forkaste», ymmärtää > ipmirdit "forstå.

Samanfatningsvis kan ein seie at dei høge vokalane har vorte låge vokalar, høg bakre runda /u/ har vorte midtre runda /o/, mens høg fremre urunda /i, (y)/ har vorte låg urunda /a/.

Ur-finsk-samiske midtre korte vokalar

Utviklinga av midtre ur-samisk-finske vokalar skil seg frå den for dei høge vokalane ved at den er avhengig av vokalkvaliteten i andre stavinga. Som det går fram av tabellen nedanfor blir ur-finsk-samisk *e i nordsamisk til a i ord som hadde fremre vokal *e i andre stavinga, men til ea i ord som hadde bakre vokal *a, *ᴖ i andre stavinga.

finsk nordsamisk sørsamisk urfinsksamisk tyding Vokalen i andre staving var *-e mennä mannat mïnnedh, mænna *mene- gå lehti lasta laste *lešte blad veri varra vïrre *vere blod pelätä ballat bïlledh, bælla *pele- frykte pestä bassat bïssedh, bæssa *pese vaske tehdä dahkat darjodh *teke- gjere vene fanas vïnhtse *veneš båt keski gaska gaskoeh *keske midt Vokalen i andre staving var *-a/ä/o elää eallit jieledh *elɑ̈- leve mela mealli - *melɑ åre, finne keino geaidnu - *kejno veg, måte petaja beahci bietsie *pečɑ̈ furu kesä geassi giesie *kesɑ̈ sommar kertaa geardi gierdie *kertɑ gong neljä njeallje nieljie *ńeljɑ̈ fire

I eldre lånord blir *e til ea, uavhengig av vokalen i andre stavinga: terve > dearvvas «sunn», meri > mearra «hav», kerjetä > geargat «rekke, nå», henki > heagga «ande», heittää > heaitit «kaste, slutte», leski > leaska «enkje», neuvo > neavvu «råd», selkä > sealgi «rygg».

Ur-finsk-samisk *o blir til uo i ord som hadde fremre vokal *e i andre stavinga, men til oa i ord som hadde bakre vokal *a, *ᴖ i andre stavinga.

finsk nordsamisk sørsamisk urfinsksamisk tydingVokalen i andre staving var *-e koski guoika guojke *kośke stryk lohi luossa loese *loše laks onki vuogga håagke *oŋke fiskekrok soida čuodjat tjuojedh *śoje- ringe solmu čuolbma tjuolme *śolme knute tohtia duostat duostedh *tošte- våge tosi duohta - *tote sann koskea guoskat   *koske røre sormi suorbma soerme *sorme fingerVokalen i andre staving var *-a/ä/o kota goahti gåetie *kota telt, hytte oksa oaksi åeksie *oksa grein torua doarrut dåarodh *toro- slåst kotka goaskin   *kočka ørn loma loapmi loåmie *loma opning noita noaidi noejtie *nojta heks, trollmann oiva oaivi åejjie *ojva hovud olka oalgi åelkie *olka skulder torjua doarjut dåarjodh *torjo- hindre

I eldre lånord blir *o til oa, uavhengig av vokalen i andre stavinga: pohja > boaššu «botn», toimi > doaibma «handling», hoppu > hoahppu «travelheit», loppu > loahppu «slutt», oppia > oappat «lære», osa > oassi «del», sopia > soahppat «høve».

Ur-finsk-samiske korte låge vokalar

Utviklinga av ur-finsk-samisk *ä er også avhengig av vokalen i neste staving.

finsk nordsamisk sørsamisk urfinsksamisk tydingVokalen i andre staving var *-e käsi giehta gïete *käte hand käki giehka gïeke *käke gauk jää jiekŋa jïenge *jɑ̈ŋe is pälvi bievla bïevle *pɑ̈lve barmark kärsiä gierdat   *kɑ̈rte- å li väki viehka   *wɑ̈ke folk; ganske mykje Vokalen i andre staving var *-a/ä/o äimä áibmi aejmie *ɑ̈jmɑ̈ nål järvi jávri jaevrie *jɑ̈rvɑ̈ innsjø väylä fávli vaevlie *vɑ̈vlɑ̈ (skips)lei lämsä lávži laebtjie *lɑ̈mśɑ̈ reim, lasso häme sápmi saemie *šɑ̈mɑ̈ Tavastland, Sameland sappi sáhppi saehpie *sɑ̈ppɑ̈ galle päivi beaivi biejjie *pɑ̈jvɑ̈ dag, sol nälkä nealgi nielkie *nɑ̈lkɑ̈ svolt

Der vokalen i andre stavinga var *e vart *ä til ie, mens *ä foran *ä i andre stavinga vart til á. Nokre einskildord (som beaivi, nealgi fekk rotvokal ea trass i at vokalen i andre stavinga var *ä.

Ur-finsk-samisk *a skil seg frå *ä ved at den alltid blir til uo, uavhengig av vokalen i andre staving.

finsk nordsamisk sørsamisk urfinsksamisk tyding kala guolli guelie *kɑlɑ fisk pato buođđu boerove *paδo dam palaa buollit bueledh *pɑlɑ brenne para- buorre buerie *pɑrɑ- god seisoa čuožžut tjåadtjodh *śɑnśɑ- stå sata čuohti tjuatede *śɑtɑ hundre tanner duottar doedtere *tɑnter fjell, vidde kantaa guoddit guedtedh *kɑntɑ- bere kaimaa guoibmi guejmie *kɑjmɑ namnebror, kamerat jalka juolgi juelkie *jɑlka fot marja muorji muerjie *mɑrjɑ ber rauta ruovdi ruevtie *rɑvtɑ jarn heinä suoidni suejnie *šɑjnɑ høy halla suoldni suelnie *šɑlnɑ frost, tåke ajaa vuodjit vuejedh *ɑjɑ- køyre valka- vuolgit vuelkedh *vɑlkɑ- dra

Ur-finsk-samiske lange høge vokalar

I det ur-finsk-samiske urspråket var det skilnad mellom lange og korte vokalar. Både lang og kort vokal er kort vokal i moderne samisk, men dei er ulike korte vokaler. Som vi såg ovafor blir kort ur-samisk-finsk *i og *u til samisk a og o. Ur-samisk-finske lang *i og *u blir derimot kort i og u i samisk. I finsk er desse vokalane lange.

finsk nordsamisk sørsamisk urfinsksamisk tyding viisi vihtta vïjhte *vīte fem piiri birra bïjre *pīre ring, om kiinteä gitta - fast (szén) čitna tjïrre śīne kol kuulla gullat govledh *kūle- høyre juoda juhkat jovkedh *jūke- drikke muu+mpi nubbi mubpie *mūmpa annan kuullella guldalit goltelidh *kūle- høyre på kuusi guhtta govhte *kūte seks soutaa suhkat *sūke ro

Ur-finsk-samiske lange midtre vokalar

Ur-finsk-samiske midtre vokalar blir diftongert i både samisk og finsk, *ē til ie, og *ō til uo. Merk at t.d. estisk ikkje har gått gjennom den same overgangen, her heiter det keel, leem, meel, noor, soon.

finsk nordsamisk sørsamisk urfinsksamisk tyding kieli giella gïele *kēle språk liemi liepma lïeme *lēme (kjøtt)kraft mieli miella mïele *mēle sinn nɛŕ (mdv) nierra *nēre kinn niellä njiellat njïeledh *nēle- svelgje tuomi duopma   *tōme hegg suoltaa čuoldit   *ćōlta- skilje suomu čuopma tjoeme *sōmu fiskeskinn nuori nuorra noere *nōre ung nuoli njuolla njoele *nōle pil suoni suotna   *sōne (blod)åre vuolla vuollat   *vōle- høvle

Ur-finsk-samiske vokalar i andre staving

I andre stavinga hadde det ur-finsk-samiske grunnspråket fire vokalar, e, o, ä, ɑ. Desse har endra seg på ulikt vis i dei ulike språka. Vokalen *-e har vorte -a i nordsamisk, men -i i utlyd i finsk. I bøyingsstammen har -e halde seg, slik at finsk pilvi "sky" er pilven i genitiv. I sørsamisk har *-e halde seg, slik at dei tilsvarande formene for sørsamisk er balve, balven.