Sjå òg Storegut (fleirtyding) mini|MF «Storegut» ved Tinnoset. MF «Storegut» er ei norsk jarnbaneferje som trafikkerte Tinnsjå i Telemark frå 1956 til 1991.
Ferja vart bygt i stål av Glommen Mekaniske verkstad på ferjeslippen på Tinnoset i 1956. Ho var ein del av transportkjeda Rjukanbanen-Tinnsjøen-Tinnosbanen-Telemarkskanalen til trafikken på banen vart nedlagt i 1991.
Da skipet vart sjøsett i 1956, var det den største innsjøferja i Nord-Europa. Ho tok over trafikken for DF «Ammonia», som gjekk over til å bli reserveferje.
MF «Storegut» vart freda av Riksantikvaren i 2009. Frå i 2015 vart ho innskrive på UNESCO si verdsarvliste som ein del av Rjukan-Notodden industriarv.
Tekniske data Byggjeår: 1956 Lengde: 82.11 m Tonnasje: 1 119 bruttotonn Maskinar: 3 stk 6 sylindra MWM dieselmotorar Kapasitet: 19-21 jarnbanevognar, 400 passasjerar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «MF «Storegut»» frå , den 22. september 2017, revisjon 17767343.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske ferjer Kategori:Jarnbaneferjer Kategori:Sjøfart i Telemark Kategori:Freda fartøy Kategori:Kulturminne i Notodden Kategori:Verdsarv i Noreg Kategori:Skip frå 1956 Kategori:Skip bygde i Telemark