Valsøyfjord kyrkje eller Otnes kyrkje er ei langkyrkje i Heim kommune i Trøndelag fylke. Ho vart oppført i 1863 etter teikningar av Jacob Wilhelm Nordan, og innvigd i 1864.Rasmussen

Kyrkja har 300 sitjeplassar. Alteret har hovudmotiv av Jesus som ber i Getsemane. På kvar side er det to måleri, til saman fire måleri med motiv frå livet til Jesus. Desse er måla av organisten og kunstmålaren Olav Halse. Kyrkja har også ein utskoren og måla preikestol.

Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Heim Kategori:Kulturminne i Heim Kategori:Kyrkjer i Orkdal prosti Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Trekyrkjer Kategori:Jacob Wilhelm Nordan