Blindern er eit område i bydel Nordre Aker i Oslo. Stroket er hovudsakleg eit bustadsområde, men er prega av at Universitetet i Oslo har sitt sete og størsteparten av sine bygningar liggjande her.

Historie

Området har namn etter garden Blindern. Dette var ein av dei mange gamle gardane i Aker som opphavleg hadde endinga vin i namnet, og som difor gjerne vert rekna med å ha vore rydda i eldre jarnalder. Det er ikkje noko att av jordbruksareala i dette området. Garden var prestegard for Vestre Aker frå 1856. Han blei embetsbustad for biskopen i Oslo i 2000.

mini|venstre|«Nedre Blindern 1955». Utbygginga av universitetsområdet på Blindern tok til på 1930-talet, og fyrst ute var farmasi-, kjemi- og fysikkbygningene. Øvre Blindern var framleis jorde fram til utbygginga heldt fram på 1960-talet.

Blindern Hageby blei utvikla som villeområde frå 1920-åra. Gjennom 1900-talet blei Blindern utbygd som universitetsområde for Universitetet i Oslo. Blindern studenterhjem blei reist i 1923–1925. Bygginga av det fyrste universitetsanlegget byrja i 1929 med opning i 1936. På 1960-talet blei det gjennomført ei større utbygging av området. På 2000-talet blei det også gjennomført ei stor utbygging i Forskningsparken nord og vest for Sognsvannsbanen.

Meteorologisk institutt har òg ein bygning med tilhøyrande målestasjon osb. i dette området. Opplysningar om vêr og temperatur i Oslo refererer difor vanlegvis til tilhøva på Blindern.

Transport Blindern er namnet på ein haldeplass på T-banelina Sognsvannsbanen, som saman med haldeplassen Forskningsparken på den same lina, og trikkelina mellom sentrum og Rikshospitalet, gjer det enkelt å nå stroket og universitetet med kollektivtransport.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Strøk i Oslo