Solheim kyrkje er ei langkyrkje i Bergen kommune i Hordaland fylke.

Kyrkja vart oppført i 1956 som soknekyrkje for Solheim sokn (skilt ut frå Årstad 1957Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Bergen). Dette er sidan slått saman med St. Markus sokn til nye Løvstakksiden sokn.Bergen byleksikon, jf. Kirken.no Kyrkja vart vigsla 23. september 1956 og har 330 sitjeplassar.

Altartavla har form av eit freskomåleri som dekkjer heile fondveggen. Det vart måla av Bjørn Tvedt i 1956 og framstiller Bergpreika. Kyrkja har òg eit lite altarkrusifiks.

Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja, men Solheim kapell og gravplass er ikkje langt unna.

Fotnotar

Kjelder Ellen Marie Magerøy og Hans-Emil Lidén: Solheim kirke (i «Norges kirker»)

Bakgrunnsstoff Kyrkjesøk – Solheim kirke

Bergen byleksikon om Solheim kyrkje Løvstakksiden kyrkjelyd

Kategori:Kyrkjer i Bergen Domprosti Kategori:Kyrkjer i Bergen Kategori:Norske kyrkjer frå 1956 Kategori:Kulturminne i Bergen