Oscar Emmanuel Peterson () var ein kanadisk jazzpianist som særleg var kjend for sin virtuose spelestil.
mini|venstre|Oscar Peterson på 1950-talet
Peterson, som var frå Montréal, vart lansert i USA i 1949 og var dei neste tre tiåra ein av dei mest etterspurde musikarane innafor jazz-sjangeren. Gjennom ein periode på 60 år gav han ut omkring 200 verk, mest kjend er kanskje «Hymn to Freedom» frå 1962. Han opptredde oftast åleine eller med eigen trio. Ray Brown, Jon Faddis, John Guerin, Milt Holland, Freddie Hubbard, Barney Kessel, Alvin Stoller og Toots Thielemans var alle saman musikarar som spelte med Peterson.
Peterson gav ei rekke konsertar i Noreg, dei fyrste i 1953 og dei siste i 2000.
Han døydde 82 gammal i Mississauga.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oscar Peterson» frå , den 2. oktober 2017.
Kategori:Kanadiske musikarar Kategori:Jazzpianistar Kategori:Folk frå Montreal