The International Campaign to Abolish Nuclear Weapons, (ICAN) er ein global kampanje som arbeider for å mobilisere folk i alle land til å inspirere, overtale og presse regjeringane til å støtte forhandlingar om ein traktat som forbyr kjernefysiske våpen. Ein slik traktat mot atomvåpen vart vedteke av eit stor fleirtal av medlemsnasjonane i Dei sameinte nasjonane 7. juli 2017. Noreg og andre medlemsnasjonar i NATO var av dei som røysta mot denne traktaten.
ICAN vart skipa i 2007 og har meir enn 270 partnerorganisasjonar i 60 land. Hovudkontoret ligg i Genève i Sveits.
I 2017 vann kampanjen Nobels fredspris for «sitt arbeid med å påpeke de katastrofale humanitære konsekvensene av enhver bruk av atomvåpen og for sin banebrytende innsats for å få til et traktatfestet forbud mot slike våpen».
Kjelder
Bakgrunnsstoff Internettsidene til The International Campaign to Abolish Nuclear Weapons
Kategori:Internasjonale organisasjonar Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris