Connie Mathisen () er ein norsk tidlegare handballspelar. Kantspelaren fekk VM-bronse med Noregs landslag i 1993.
Mathisen spelte dei fyrste ungdomsåra på Torp IL i Fredrikstad, før ho i 1993 melde seg inn i det lokale topplaget Skjeberg SK. Sidan var ho nokre sesongar aktiv i Byåsen IL før ho atter var Skjeberg-spelar kring 2002-04.
Mathisen spelte ni landskampar for Noreg i tida frå mars til november 1993 og skåra fem mål. Ho var med i den norske VM-troppa 1993 utan å få eit sekunds speletid i meisterskapen, men vann altså ein bronsemedalje.
Merittar Handball-VM 1993: Bronsemedalje etter 20-19 mot Romania
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner