Oslo bystyre er Oslo sitt kommunestyre og fylkesting og dermed den øvste politiske styresmakta i byen. Det er den einaste folkevalde forsamlinga i Noreg som er både kommunestyre og fylkesting. Det har 59 medlemmar. Hovudoppgåvene til bystyret er å leggja hovudlinjene for utviklinga av Oslo og dei kommunale tenestene i byen, inkludert fordelinga av dei pengane kommunen har å rutte med.

Partigrupper Etter Kommunestyre- og fylkestingvalet 2015 består Oslo bystyre av desse partigruppene: Parti Mandat Gruppeleiar Arbeidarpartiet 20 Frode Jacobsen Høgre 19 Eirik Lae Solberg Miljøpartiet Dei Grøne 5 Harald A. Nissen Venstre 4 Guri Melby Framstegspartiet 4 Carl I. Hagen Sosialistisk Venstreparti 3 Sunniva Holmås Eidsvoll Raudt 3 Bjørnar Moxnes Kristeleg Folkeparti 1 Erik Lunde

Komitear Bystyret har, i tillegg til forretningsutvalget og finanskomiteen, fire fagkomitear som førebur saker og kjem med anbefalingar til bystyret.Om komiteane Medlemmar til utval og komiteane vert valsw frå bystyret, og kvar av representantane til bystyret sit i ein av komiteane: Finanskomiteen – 11 medlemmar Helse- og sosialkomiteen – 13 medlemmar Kultur- og utdanningskomiteen – 11 medlemmar Byutviklingskomiteen – 13 medlemmar Samferdsels- og miljøkomiteen – 11 medlemmar Bystyremøta vert normalt haldne siste onsdag i månaden og er normalt opne for publikum. Dei interne sakene til bystyret og funksjonen som valkomite vert ivaretekne av forretningsutvalget i Oslo. Kontrollutvalet fører løpande tilsyn med den kommunale forvaltinga på vegner av bystyret, og ser til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Sekretariatet til bystyret Sekretariatet til bystyret er administrasjonen til bystyret og er direkte underlagt ordføraren og Oslo bystyre. Sekretariatet har som hovudoppgåve å leggja til rette for arbeidet som vert gjort i bystyret og organa til bystyret.Om sekretariatet til bystyret

Referansar

Bakgrunnsstoff Oslo bystyre Kategori:Politikk i Oslo Kategori:Styresmakter i Oslo