Ole Jensen Rong () var ein norsk småbrukar og fiskar frå Herdla i Hordaland som var stortingsrepresentant 1945-53 for Arbeidarpartiet.

Rong var son til til gardbrukar og fiskar, ein yrkeskombinasjon han sjølv seinare hadde. I åra frå 1921 til 1935, og på ny 1943-45, var han vintermånadene oppsynsmann i fiskeria. Sesongen 1927 var han tilsett i Store Norske kullkompani si gruvedrift på Svalbard.

Rong var medlem i Herdla heradsstyre frå 1928 til 1947, med unnatak for krigsåra. Han var elles styremedlem i Lånekassa for fiskere 1939-42 og 1945-1953, den siste åtteårsperioden også styremedlem i Fiskeribanken.

Hausten 1945 vart Rong vald til stortingsrepresentant frå Hordaland, attvald i 1949. På Stortinget var han den fyrste valperioden medlem i Protokollkomiteen, frå 1950 hadde han plass i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Eit knapt halvår før den andre valbolken var over, døydde Rong og Knut J. Vik rykte inn på Stortinget i staden.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Folk frå Askøy