Chlorospingus er ei biologisk slekt av mellomstore sporvefuglar som lever i Sentral-Amerika og sørover langs foten av Andes til Argentina. Slekta er ein del av amerikasporvfamilien, Passerellidae. Tidlegare var dei rekna som tanagarar, i dag har dei norske artsnamna fellesleddet «tanagarsporv».
Skildring Dette er fuglar på rundt 14 centimeter i kroppslengd med fjørdrakt i avdempa farger dominert av gult, grønt og grått, ofte med mørkt hovud. Nokre har kvitt i buken, og eller kvite område på hovudet. Til dømes breibryntanagarsporv, C. pileatus, som har svart hovud, brei, kvit augebrunstripe og kvitt i strupen. Busktanagarsporv, C. flavopectus, representerer vidaste utbreiinga i slekta rekna i antal land, frå Argentina i sør til Mexico i nord. I Mexico er dei funne i høgder opptil 3500 moh.
Artslista Det er åtte eller ni artar i denne slekta avhengig av taksonomisk standpunkt.Arten gursetanagarsporv, C/B flavovirens, eng: Yellow-green clorospingus/Yellow-green tanager, Lawrence, 1867, er skildra som ein tanagar i slekta Bangsia i Handbook of the Birds of the World Alive.
Chlorospingus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Gulhaketanagarsporv, Chlorospingus flavigularis, Yellow-throated Chlorospingus, Sclater, 1852, (LC) Gulskjeggtanagarsporv, Chlorospingus parvirostris, Short-billed Chlorospingus, Chapman, 1901, (LC) Gråstrupetanagarsporv, Chlorospingus canigularis, Ashy-throated Chlorospingus, Lafresnaye, 1848, (LC) Breibryntanagarsporv, Chlorospingus pileatus, Sooty-capped Chlorospingus, Salvin, 1864, (LC) Busktanagarsporv, Chlorospingus flavopectus, Common Chlorospingus, Du Bus de Gisignies, 1847, (LC) Tacarcunatanagarsporv, Chlorospingus tacarcunae, Tacarcuna Chlorospingus, Griscom, 1924, (LC) Pirretanagarsporv, Chlorospingus inornatus, Pirre Chlorospingus, Nelson, 1912, (LC) Gråbrysttanagarsporv, Chlorospingus semifuscus, Dusky Chlorospingus, Sclater & Salvin, 1873, (LC) Gursetanagarsporv, Chlorospingus flavovirens, Yellow-green Chlorospingus, Lawrence, 1867, (VU) Kjelder
(2017). New World Sparrows (Passerellidae) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst 'Species table', henta frå http://www.hbw.com/node/1343552 21. oktober 2017
Referansar
Notar
Bakgrunnsstoff
kategori:Amerikasporvfamilien Kategori:Fugleslekter