Mary Elizabeth Peters () er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Ballymena i Nord-Irland som vart olympisk meister i femkamp i 1972.

Allsidige Peters var ein av dei beste femkjemparane i verda gjennom heile 1960-talet, med fjerdeplassen i øvinga under Sommar-OL 1964 i Tokyo som sitt beste resultat. I 1970 vann ho både kuletevlinga og femkampen då samveldeleikane fann stad i Edinburgh. To år seinare overraska ho stort i femkampen under Sommar-OL i München. Med 4 801 poeng sette ho verdsrekord og slo favoritten, vesttyske Heide Rosendahl, med 10 poeng. Halvtanna år seinare, i januar 1974, forsvarte Peters i Christchurch samveldetittelen i femkamp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1962 i Beograd: Nr 5 i femkamp OL 1964 i Tokyo: Nr 4 i femkamp, utslått i kvalifiseringa i kulestøyt (14,46 =nr 14) OL 1968 i Mexico by: Nr 9 i femkamp OL 1972 i München: Gullmedalje i femkamp – 4 801 poeng, framom Heide Rosendahl (4 791)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mary Peters (athlete)» frå , den 22. oktober 2017.

World Athletics

Kategori:Britiske mangekjemparar Kategori:Kulestøytarar Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972