mini| To setningar på patwa. Omsett til engelsk ville dei vore: «I don't understand what he says at all. The man became angry when he saw his daughter with a man with dreadlocks.» Patwa (/patowa/) eller jamaican patois er eit kreolspråk som blir tala på Jamaica og blant personar av jamaicansk bakgrunn i Canada, Costa Rica, Den dominikanske republikken, Panama, Storbritannia og USA. Språket har røtene sine i engelsken brukt av slavar tekne frå Vest-Afrika til Jamaica, som hadde ulike morsmål.
Patwa er hovudsakleg eit munnleg språk som også er mykje brukt innan musikk, som i reggae og dancehallmusikk. Sjølv om standard britisk engelsk hovudsakleg blir brukt som skriftspråk på Jamaica, har patwa også blitt ein del brukt til nedskriven litteratur dei siste hundre åra. Claude McKay gav ut ei bok med jamaicanske dikt, Songs of Jamaica, i 1912, medan Louise Bennett («Miss Lou») gav ut vers og forteljingar på midten av 1900-talet. I nye skriftlege forum, som på e-post, kan ein veksla mellom patwa og engelsk (kodeveksling) og oppnå ein stilistisk kontrast.Lars Hinrichs (2006), Codeswitching on the Web: English and Jamaican Creole in E-Mail Communication. Amsterdam/Philadelphia: Benjamins.
Fonologi Skildringar av grunnleggjande patwa (som ligg fjernt frå standard engelsk) nemner rundt 21 fonemiske konsonantar og mellom 9 og 16 vokalar.
+Konsonantar Labial Alveolar Post-alveolar Palatal Velar Glottal Nasal Lukkelyd Frikativ() Approksimant/lateral
Statusen til som eit fonem er dialektal - i vestlege variantar er han eit fullt fonem and ein har minimale par ( 'hit' og 'eat'); i sentrale og austlege variantar er bruken av i eit ord eller ikkje i fri variasjon med ingen konsonant, slik at orda 'hand' og 'and' begge kan uttalast eller . Dei palatale lukkelydane også transkribert som og og er rekna som fonemiske i nokre skildringarsom og fonetiske i andre.som For sistnemnde forståing er dei rekna som del av palatalisering. Døme på palatalisering er: → → ('a quarter quart (of rum)') → → ('guard') → → ('weak')
Stemde lukkelydar er implosive når dei kjem i opptakten til framtredande stavingar (særleg først i ord) slik at ('beat') blir uttalt og ('good') som .
mini|Vokalar i patwa. Patwa har to former for vokalharmoni: Periferal, der berre seriar av periferale vokalar (, og ) kan opptre i ei staving, og bakre, der og ikkje kan opptre saman i ei staving (det vil seia at og kan opptre men ikkje eller . Desse to fenomena forklarer tre lange vokalar og fire diftongar:
Vokal Døme Engelsk versjon 'tiny' 'barber' 'booth' 'bake' 'bike' 'boat' 'town'
Grammatikk Tid/aspekt-systemet i patwa er fundamentalt forskjellig det i standard engelsk. Det har ikkje morfologisk markerte fortidspartisipp, men har i staden to partisipp, en og a, som fungerer som partikkelord. Desse orda kan ikkje stå åleine (som engelsk to be), og har ulike funksjonar frå standard engelsk.
For presens markerer eit ubøygd verb saman med eit gjentakande adverb vane, som i ('Tom always knows when Katy tells/has told about him'). sitert i
en er ein tidsmarkør a er ein aspektmarkør (a) go blir brukt til å markera framtid
I run (habitually); I ran or I am running or I was running or I have run; I had run
I am going to run; I will run
Som i andre karibiske kreolspråk (guyanesisk kreol og San Andrés-Providencia-kreol, ikkje sranan tongo) har fleire funksjonar, mellom anna: Direktiv, dativ eller benefaktiv preposisjon ('They are fighting for us') Genitiv preposisjon (markør for eigedel) ('that's my book') Modal auxiliary expressing obligation or futurity ('he ought to come up here')
Pronominalsystem
Nokre variantar av patwa skil ikkje mellom kjønn eller kasus, men alle variantar skil mellom andreperson eintal og fleirtal, til forskjell frå standard engelsk.
= I, me = you, you (eintal) (eller ) = he, him eller (ingen skilnad mellom kjønn i grunnleggjande variantar) = she, her = we, us, our = you (fleirtal) = they, them, their
Kopula A blir brukt til å knyta subjekt og predikativ saman i ein setning (tilsvarande norsk 'å vere'): ('I am the teacher') Patwa har eit anna lokativt verb, deh: eller ('we are in London') Saman med ekte adjektiv treng ein ikkje kopula: ('I am old now')
Dette minner om spansk som også har to distinkte former av verbet 'å vere' - ser og estar - der ser er ekvativt og estar er lokativt. Liknande skilnader finst i andre romanske språk, som italiensk og portugisisk.
Negasjon
blir brukt for nektingar i presens: ('If the cow knew that his throat wasn't capable of swallowing a pear seed, he wouldn't have swallowed it') omset dette som "If the cow didn't know that his throat was capable of swallowing a pear seed, he wouldn't have swallowed it." blir brukt som engelsk can't ('It is a poor thing that can't mash an ant') er eit negativt fortidspartisipp. ('John did not steal the money')
Ordforrråd
Mange ord i patwa kjem frå engelsk, men det finst også lånord frå spansk, portugisisk, hindi og arawak og frå skotske og irske dialektar. Ein heil del ord jar afrikansk opphav. Ein finn særleg mange ord frå twi (ein variant av akan).
Døme på ord av afrikansk opphav er ('at' eller that, som i he told me that... = ), frå asjanti-twi, og duppy ('skrømt'), frå twi dupon ('cotton tree root'), etter ei afrikansk overtyding om at vonde ånder kjem frå trerøter. Pronomenet , for 'dykk', kjem frå igbo. De i tydinga 'å vere' (ein stad) kjem frå joruba. Frå asjanti-akan kjem omgrepet obeah, som tyder heksekunst, frå asjanti-twi-ordet Ɔbayi. Fruktnamnet ackee kjem frå akan akye fufo. Også namnet på retten callaloo har truleg vestafrikansk opphav.
Frå hindi kjem ord som ganja (marijuana), janga (kreps), roti og dal. Pickney eller pickiney, i tydinga 'barn', tidlegare piccaninny, kjem opphavleg frå portugisisk pequenino (diminutiv av pequeno, 'liten') eller spansk pequeño ('liten').
Språkdøme - Three men swam. - I nearly hit him - He can't beat me, he simply got lucky and won. - Those children are disobedient - bekreftande partikkel - Foolish exhibition, a person who makes a foolish exhibition of him or herself, or an exclamation of surprise. - Woman - Boy - Girl - I don't know
Ortografi
Patwa har lenge blitt skrive utan normer, slik at eit ord som engelsk there kan ha blitt skrive [de], [deh] eller [dere], og eit ord som three som [tree], [tri] eller [trii]. Ein kan bruka standard engelsk staving eller ei ikkje-standard staving kan bli vanleg, som [pickney] for , 'barn'.
I 2002 skipa University of the West Indies ein Jamaican Language Unit for å standardisera språket. Eit føremål med dette var å støtta patwa-talande jamaicanarar som ikkje talar flytande standard engelsk. Gruppa standardiserte språket slik:
+ Korte vokalar Bokstav Patwa Engengelsk i sik sick e bel bell a ban band o kot cut u kuk cook + Lange vokalar Bokstav Patwa Engengelsk ii tii tea aa baal ball uu shuut shoot + DIftongar Bokstav Patwa Engengelsk ie kiek cake uo gruo grow ai bait bite ou kou cow
Nasale vokalar blir skrivne -hn, som i kyaahn (can't) og iihn (isn't it?) + Konsonantar Bokstav Patwa Engengelsk b biek bake d daag dog ch choch church f fuud food g guot goat h hen hen j joj judge k kait kite l liin lean m man man n nais nice ng sing sing p piil peel r ron run s sik sick sh shout shout t tuu two v vuot vote w wail wild y yong young z zuu zoo zh vorzhan version h blir skrive etter lokal uttale, slik at hen (hen) og en (end) er ulike for talarar av vestleg patwa, men ikkje for sentral patwa.
Sosiolingvisitsk variasjon Som mange kreolspråk finst jamaikansk patwa i eit språkkontinuum med standard engelsk. Det finst variantar av språket som ligg nær det engelske grunnspråket som ikkje kan skiljast systematisk frå mellomvariantar eller variantane som er mest ulike grunnspråket. Denne situasjonen har oppstått gjennom varig kontakt mellom patwa og standard engelsk, som har ein høgare prestisje og som det kan gje sosio-økonomiske fordelar å bruka.
Litteratur
Frå 1900 har det utvikla seg ein rik skriven litteratur på patwa. Nokre tidlege forfattarar og verk var Thomas MacDermot med All Jamaica Library og Claude McKay med Songs of Jamaica (1909). Bruk av patwa til musikk utvikla seg til dub-dikting med Linton Kwesi Johnson, Mikey Smith og Jean Binta Breeze som viktige figurar.
Livsverket til Louise Bennett, eller Miss Lou (1919–2006), er kjenneteikna av rik patwa, sjølv om ho ikkje blei inkludert av tradisjonelle litterære grupper."The Jamaican Poetry League excluded her from its meetings, and editors failed to include her in anthologies." Ho argumenterte for å sjå patwa som eit eige språk, med same opphav som dialekten som var opphav til standard engelsk:
Dah language weh yuh proud a, Weh yuh honour an respec – Po Mas Charlie, yuh no know se Dat it spring from dialec! «Bans a Killin»
Etter 1960-talet auka statusen til patwa etterkvart som fleire respekterte lingvitiske studiar av språket kom ut, mellom anna av Frederic Cassidy (1961, 1967) og Bailey (1966).Alison Donnell, Sarah Lawson Welsh (red.), The Routledge Reader in Caribbean Literature, Routledge, 2003, Introduction, s. 9. Seinare har det blitt vanlegare å veksla kodeveksla mellom engelsk og patwa eller å skriva heile verk på patwa. Forkjemparar for dette er mellom anna Kamau Brathwaite, som også omtaler kreol-dikting i History of the Voice: The Development of Nation Language in Anglophone Caribbean Poetry (1984). Standard engelsk har likevel framleis ein meir prestisjefylt posisjon som litterært språk i jamaicansk litteratur.
Patwa har vore brukt ein del i film, som i Tia Dalma sine replikkar i Pirates of the Caribbean: Dead Man's Chest og nokre scener i Meet Joe Black der rollefiguren til Brad Pitt snakker med ei jamaicansk kvinne. Tidlege jamaicanske filmar som The Harder They Come (1972), Rockers (1978), og mange andre filmar produsert av Palm Pictures midt på 19900-talet (som Dancehall Queen og Third World Cop) har mesteparten av dialogen på patwa, nokre av dei er teksta til engelsk.
Bibelen
I desember 2011 blei det gjort kjend at Bibelen var i ferd med å bli omsett til patwa. Lukas-evangeliet er blitt gjeve ut som Jiizas: di Buk We Luuk Rait bout Im. Nytestamentet på patwa blei gjeve ut i Storbritannia, som har ein stor jamaicansk diaspora, i oktober 2012 som Di Jamiekan Nyuu Testiment, og med trykte og lydutgåver på Jamaica i desember 2012.Robert Pigott, "Jamaica's patois Bible: The word of God in creole", BBC News, 25 December 2011. Henta 26. desember 2011.Di Jamiekan Nyuu Testiment (Jamaican Diglot New Testament with KJV) , British & Foreign Bible Society. Retrieved 24 March 2013.
Fader vår på patwa og engelsk
Frå Di Jamiekan Nyuu Testiment:
Wi Faada we iina evn, mek piipl av nof rispek fi yu an yu niem. Mek di taim kom wen yu ruul iina evri wie. Mek we yu waahn apm pan ort apm, jos laik ou a wa yu waahn fi apm iina evn apm Tide gi wi di fuud we wi niid. Paadn wi fi aal a di rang we wi du, siem laik ou wi paadn dem we du wi rang. An no mek wi fies notn we wi kaaz wi fi sin, bot protek wi fram di wikid wan.
Frå English Standard Version:
Our Father in heaven, hallowed be Your name. Your kingdom come, Your will be done, on earth, as it is in heaven. Give us this day our daily bread, and forgive us our debts, as we also have forgiven our debtors. And lead us not into temptation, but deliver us from evil. (Matt. 6:9–13)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Patwa» frå , og «Jamaican Patwa» frå den 24. oktober 2017. Bibliografi
Bakgrunnsstoff
The Jamaican Language Unit Jamaican Patois Dictionary Jamaican Creole Language Course for Peace Corps Volunteers Jammin Reggae Archives Patois Dictionary Sample Jamaican Patois Translations Jumieka Langwij
Vidare lesing
Kategori:Kreolspråk Kategori:Kultur på Jamaica Kategori:Språk på Jamaica Kategori:Språk i Nord-Amerika Kategori:Engelsk språk Kategori:Einskildspråk