Asbjørn Johann Bryhn () var ein norsk jurist og motstandsmann mot den tyske okkupasjonsmakta 1940-1945. Bryhn vart den første sjefen for Overvakningspolitiet etter krigen, frå 1947 til 1966. Bryhn var politimeister i Bergen frå 1966 til han vart pensjonist i 1976.
Motstandsarbeid Han var medlem av Politigruppa, og deltok i 1943 i organiseringa og bistanden til sabotasjearbeidet som Asbjørn Sunde utførte i Oslo med den sokalla Osvald-gruppa.
I 1941 vart Bryhn oppsagt frå politiet. Han drog til Sverige, og frå 1. oktober 1942 vart Bryhn ein del av administrasjonen som skulle ta seg av dei norske flyktningane som tok seg over grensa til Sverige. Bryhn var tilsett på rettskontoret i Sverige, der han arbeidde med å avsløre uønskte element mellom dei norske flyktningane.
I 1944 vart Bryhn leiar for Rikspolitisjefens etterforskningskontor i London.
Etter krigen I 1954 leia Bryhn etterforskinga mot sin tidlegare sabotasjepartner Asbjørn Sunde, som vart dømd for spionasje til fordel for Sovjetunionen. I september 1965 vart Vilhelm Evang sin skrivar, Ingeborg Lygren, arrestert og sikta for spionasje til fordel for Sovjetunionen. Etter tre månader i varetekt vart ho sett fri og mistanken fråfallen. Denne arrestasjonen førte til at Bryhn slutta i Overvåkningspolitiet og vart politimester i Bergen. Lygren blei forveksla med Gunvor Galtung Haavik, som blei arrestert 27 januar 1977 og sikta for spionasje med ei strafferame på 21 år.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Asbjørn Bryhn» frå , den 29. oktober 2017.
Litteratur
T. Bergh og K. E. Eriksen: Den hemmelige krigen, 1998.
Kategori:Norske juristar Kategori:Norske politimeistrar Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Norsk etterretning Kategori:Folk frå Drammen