420. etterretningssenter (russisk 420 морской разведывательный пункт) er ei eining i OSK Nord i det russiske forsvaret, og vart fyrst sett opp i 1986 i byen Poljarnyj i Murmansk oblast.
Øving for soldatane der vart organisert mest mogeleg likt det som ein den gongen trudde ville verta røynda - nemleg objekt som likna infrastrukturen til NATO. Dei måtte òg venja seg til dei vanskelege vértilhøva i arktisk, både fysisk og psykisk. Øvingane innebar òg innsetting med helikopter og marsj i tungt lende opptil 20 kilometer. Froskemenn vart utstyrt med dykkarbåten VM-71 med mykje utstyr, inkludert trykkammer. Denne liknar Dykkarbåtar - prosjekt 535. Torpedobåtar med toppfart over 30 knop fekk dei òg.
Etterretningssenteret byrja òg å øva seg på å henta informasjon frå objekt som høyrde til dei mest trulege motstandarane i NATO, Noreg og Island. Talet på objekt i desse landa var meir enn 40, inkludert fire hydroakustiske stasjonar ved kysten.
Fyrste gruppa øvde seg mot VGAS (helikopter med hydrofonar), andre gruppe øvde seg i å samle informasjon om NATO-flybasar i Nord-Noreg, og ei tredje gruppe (RRTR) øvde seg mot radaranlegg i Nord-Noreg.
Referansar
Kategori: OSK nord Kategori: GRU Kategori: SPETSNAZ Kategori:Russisk etterretning