__NOTOC__ Kjeglenebb, eller kjeglenebbar, er ei biologisk slekt Conirostrum av små tanagarar, Thraupidae, som lever i varierte habitat: i skogshabitat, i páramo, i fuktig tåkeskog eller habitat av lågare buskar i Sør-Amerika. Nokre artar er knytt til elver i Amazonas og jamvel atlanterhavskysten, andre lever høgre opp på begge sider av Andesfjella.

Skildring mini|venstre| Raudaugekjeglenebb, Conirostrum bicolor mini|venstre|Kvitbrynkjeglenebb, Conirostrum ferrugineiventre Dette er ei gruppe som er lite einsarta i fjørdrakt, men alle er instektetarar med tynne, rettpeikande nebb. Utsjånaden av nokre artar i Amazonas kan minne om parulaer. Storleiken ligg i området 9,5 til 16,5 centimeter. Dei som lever i Andes beitar regelbunden i fleirartsflokkar.

Største arten er kjempekjeglenebb på opptil 27 gram, 16,5 cm, minste er kvitøyrekjeglenebb på 7 gram, 9,5 centimeter.

Her finst stor variasjon i preferanse for høgder, perlebrystkjeglenebb held seg helst under 150 moh. i indre Amazonas, kjempekjeglenebb typisk 3300–4500 moh. Andes i Peru og Ecuador. Men arten gråkjeglenebb kan treffast i Peru frå stillehavskysten og opp til 4500 moh. i Andes.

Tamarugokjeglenebb er ein trekkfugl som hekkar i nordlege Chile og trekker nordover til sørlegaste Peru vinterstid, i april-november.

Artslista Conirostrum i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Raudaugekjeglenebb, Conirostrum bicolor, Bicolored Conebill, Vieillot, 1809, (NT)

Perlebrystkjeglenebb, Conirostrum margaritae, Pearly-breasted Conebill, Holt, 1931, (VU)

Brungumpkjeglenebb, Conirostrum speciosum, Chestnut-vented Conebill, Temminck, 1824, (LC)

Kvitøyrekjeglenebb, Conirostrum leucogenys, White-eared Conebill, Lafresnaye, 1852, (LC)

Kjempekjeglenebb, Conirostrum binghami, Giant Conebill, Sclater, 1860, (NT)

Kvitbrynkjeglenebb, Conirostrum ferrugineiventre, White-browed Conebill, Sclater, 1856, (LC)

Blåryggkjeglenebb, Conirostrum sitticolor, Blue-backed Conebill, Lafresnaye, 1840, (LC)

Kalottkjeglenebb, Conirostrum albifrons, Capped Conebill, Lafresnaye, 1842, (LC)

Tamarugokjeglenebb, Conirostrum tamarugense, Tamarugo Conebill, Johnson & Millie, 1972, (VU)

Rustbrynkjeglenebb, Conirostrum rufum, Rufous-browed Conebill, Lafresnaye, 1843, (LC)

Gråkjeglenebb, Conirostrum cinereum, Cinereous Conebill, Lafresnaye & d'Orbigny, 1838, (LC)

Kjelder BirdLife International (2017) IUCN Red List for birds Henta frå http://www.birdlife.org 5. november 2017 (2017). Søk på artar i slekta Conirostrum i: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst 'Species table', henta 4. november 2017 Schulenberg, T., Stotz, D. Lane, D., O'Neill, J, & Parker, T. Birds of Peru. Christopher Helm, London. (2007) ISBN 978-0-7136-8673-9

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:tanagarfamilien Kategori:Fugleslekter