mini|Tvillingbolle datert 1738 frå Valle i Aust-Agder, lengd 12,2 cm. Norsk Folkemuseum NF.1927-1279.

Tvillingbolle er eit drikkekar som består av to bollar som heng saman i sida. Tvillingbollar blei brukt på bygdene i Noreg på 1600-, 1700- og 1800-talet til å drikka øl av. Dei er utskorne av eitt stykke tre, og det er opning i veggen mellom dei to bollane slik at ølet kan renna fritt mellom dei. Desse tvillingbollane har truleg vore brukt som «skjemtekar».

Tvillingkar av denne typen har vore brukt i Europa frå førhistorisk tid. Det er mogleg at dei opphavleg har hatt ein rituell funksjon ved handlingar utført i samband med forbrødring og giftarmål. Det finst opplysinger om at ungarske tvillingkar frå seinare tid var bestemt for brud og brudgom.

Sjå òg Trillingbolle Klunkeflaske Ølfugl

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tvillingbolle» frå , den 14. november 2017.

Gjærder (1975) s. 179.

Litteratur Gjærder, Per (1975): Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo

Bakgrunnsstoff Tvillingbolle på DigitaltMuseum

Kategori:Drikkekar Kategori:Folkekunst Kategori:Øl