mini|Académie de la Grande Chaumière i nummer 14. La rue de la Grande-Chaumière er ein 137 meter lang gatestubb på Montparnasse i området le quartier Notre-Dame-des-Champs i 6. arrondissement i Paris i Frankrike, ei sidegate til boulevard du Montparnasse. Gata vart opparbeidd i 1830, og hadde då namnet rue Chamon. Det noverande namnet har gata fått etter ein utandørs danserestaurant som vart kalla bal de la Grande-Chaumière, opna i 1788, nedlagd i 1853, som låg litt lenger sør, langsetter sørsida av eit parti av den dåverande gata les Boulevards du Midi som i dag er gata boulevard du Montparnasse.

Grande-Chaumière-gata har fått sin plass i kunstsoga ved at det i nummer 14 vart skipa ei privat kunstskule i 1904 av den sveitsiske Martha Stettler (1870-1945) som ho gav namnet l'Académie de la Grande Chaumière, og som vart vidgjeten på byrjinga av 1900-talet. Her vart det undervist i både målarkunst og skulptur av kjende kunstnarar som gjorde at skulen drog til seg elevar frå fleire land. Mange av dei vart med tida mellom dei mest framståande i eige land, og somme av dei jamvel internasjonalt. I 1957 vart undervisninga teke opp att i to atelier i regi av l'Académie Charpentier, skipa av familien Charpentier, men huset og undervisninga går framleis under namnet l'Académie de la Grande Chaumière.

Bakgrunnsstoff Internettsidene til dagens «Académie de la Grande Chaumière»

Kategori:Gater og plassar i Paris Kategori:6. arrondissement i Paris