Matkarse, hagekarse eller berre karse (Lepidium sativum) er ein plante i krossblomfamilien som blir mykje brukt som krydderplante.

Karse har vore nytta som kulturplante sidan oldtida. Han stammar truleg frå Vest- eller Sentral-Asia.

Han har skarp og frisk kryddersmak og blir brukt fersk som pynt, i salatar og i sausar.

Namnet karse blir også nytta for liknande artar i krossblomfamilien og til dels også for artar i andre plantefamiliar, som brønnkarse, engelskkarse, vinterkarse og blomkarse.

Kjelder

Kategori:Krossblomfamilien Kategori:Urter