mini|Minidrone til fotografering frå høgda mini|Eim drone som vert brukt til å inspisera straumlinjer mini|Ein X-47-drone mini|Helikopterdrone mini|EuroHawk-drone Drone er eit luftfartøy som kan vera fjernstyrt eller manøvrera sjølv. Det finst både militære og sivile dronar, og dei har mange utformingar og bruksområde Militære dronar vert brukte til å samla etterretning av militær relevans og å bera og avfyra våpen, utan å risikera livet til eigne soldatar. Sivile dronar vert til dømes brukte til hobbyfotografering og kommersielle videoproduksjonar. Skiljet mellom sivile og militære dronar er uklart. Militære føretak er i dag leiande i utviklinga av droneteknologi, men leverer i tillegg til den miitære marknaden òg til det sivile. Fleire sivile føretak leverer òg dronar og droneteknologi til den militære marknaden.

Forbodssoner I Noreg er det forbode å flyga med dronar i nærleiken av flyplassar. Minsteavstanden er fem kilometer utan spesielt løyve frå tårnet. Årsaka er faren for at dronane kan treffe fly under opp- og nedstigning. Frykta er ekstra stor for at dei kan sugast inn i flymotorar, der dei lett brennbare litium-polymerbatteria til dronane kan føra til brann.

Historie Dronar vart først brukte under den fyrste verdskrigen, og fram til andre verdskrigen vart dei brukte til å trena skyttarar på luftvernartilleri.

Veksten i den militære nytta av dronar kan illustrerast med krigen i Irak: I 2002 brukte amerikanske styrkar rundt 200 dronar, eit tal som hadde vakse til rundt 3 200 i 2007.Wired

Klassifisering LALA – Low Altitude Long Endurance MÅLA – Medium Altitude Long Endurance HALE – High Altitude Long Endurance Taktisk

Sjå òg Radiostyrt fly

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Drone» frå , den 26. november 2017. Bakgrunnsstoff Gratis programvare for å laga din eigen drone (engelsk) NRKBeta Droner – Alt du trenger å vite av Marius Arnesen 23.01.2015

Kategori:Luftfartøy Kategori:Dronar