Hanover Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg nordvest på øya. Det grensar til Saint James i aust og Westmoreland i sør, og har kyst mot Det karibiske havet i nord og vest. Fylket er det nest minste i landet (etter Kingston Parish) med eit areal på 450 km². Det hadde om lag 71 000 innbyggjarar ved folketeljinga i 2014.
Administrasjonssenteret i Hanover Parish er byen Lucea. Byen har ei god naturleg hamn som kan ta imot store skip. Ei mindre hamn er Green Island.
Fylket er fjellrikt og inneheld fleire små elvar. Det høgaste punktet er Dolphin's Head, som også er eit tradisjonelt landemerke for skip.
I Hanover Parish blir det mellom anna dyrka banan, ingefær, jams, maranta (arrowroot) og sukkerrøyr, med tilhøyrande romproduksjon. Området er også kjend for godt kveg.
Landsbyen Hopewell er eit viktig turistmål. Turistområdet Negril ligg delvis i Hanover Parish. Området har ellers mange andre fine strender som ikkje er særleg utvikla for turisme.
Folk frå Hanover Parish William Alexander Bustamante (d. 1977), politikar og nasjonalhelt Barrington Watson (1931–2016), målar Percival Noel James Patterson (f. 1935), statsminister Peter Broggs (1954–2015), reggaemusikar Jean Binta Breeze (f. 1956), diktar Elvis Gordon (1958–2011), judoutøvar Merlene Ottey (f. 1960), sprintar Jah Cure (f. 1978), reggaemusikar Odail Todd (f. 1994), sprintar
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Hanover Parish» frå , den 30. november 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Parish på Jamaica