mini|Den store stupaen i Sanchi. Stupa eller dagoba er haug- eller kuppelforma byggverk brukt innan buddhismen til å halda relikviar i og til å symbolisera viktige buddhistiske idear. Stupaen kan vera eit symbol for Buddha og hans frigjering frå gjenføding eller nirvana. Byggverket kan vera fokus for buddhistiske kloster, bønehallar eller tempel. Stupaen kan førast tilbake til grunnleggigna av religionen, og har vore viktige valfartsstader frå byrjinga.
mini|Chaukhandi-stupaen i Sarnath. Ordsoge mini|venstre|Indo-gresk stupa i Sirkap i Taxila i Pakistan. Stūpa er eit sanskritord; på pali er namnet thūpa. På hindi og nærskylde språk er namnet blitt til tōp. På sinhalesisk er strukturen kjend som dāgaba (av pali dhātugabbho og sanskrit dhātu-garbha, 'relikvie-haldar').
Opphav Stupaen har opphav i den indiske gravhaugskikken caitya, der ein haugla viktige leiarar. Ifølgje Hīnayāna Mahāparinirvāṇa Sūtra bad Buddha sjølv tilhengjarane hans om å minna han og mogleiken for å oppnå nirvana slik.
Skildring mini|venstre|Kvit stupa i Mongolia. mini|Stupaer ved Wat Pho i Thailand.
Stupaer har typisk form som halvkuler eller klokker. På toppen kan dei ha eit spir og ein eller fleire stiliserte parasollar (chattra). Rundt ein stupa finst det vanlegvis murar og portalar. Det finst også ein veg rundt dei til å utføra rundgang - pradakhshina.
Enkle stupaer er kjegleforma jordhaugar med gjerde rundt som markerer at dei er eit heilag område. Tidlege stupaer som framleis finst er frå Bharhut (100-talet f.Kr.) og Sanchi, begge i Madhya Pradesh i India. Det finst også tidlege døme i Sarnath ved Varanasi og i Nalanda.
Etterkvart blei det vanleg å byggja stupaer i stein eller murstein og kvitkalka dei. Ein kunne også byggja spir på haugen. Stupaer kunne bli stadig meir forseggjorte byggverk, pynta med relieff og medaljongar.
Ein kunne plassera stupaer på soklar eller terrassar, og byggja inn nisjer der ein plasserte religiøse figurar. Innan austasiatisk byggjeskikk blei det også vanleg å byggja stupaer som pagodar, med mange etasjar med enkelttak. Slike pagodar kan vera opptil 60 m høge.
mini|venstre|upright|Gyllen stupa i Tibet. mini|Gyantse Kumbum (stupa)
Nokre stader kunne stupaer gje grunnlag for tempel med fleire etasjar, som i Tibet, der innsida av veggane kan ha freskar som viser den buddhistiske gudeverda. Stupaen i Gyantse frå 1500-talet er velkjend for dette.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sakralbygg Kategori:Buddhistisk arkitektur Kategori:Buddhistiske bygg Kategori:Relikviar