Verdsmeisterskapen i handball 1995 for kvinner, den 12. i rekka, vart avvikla i tida 5. til 17. desember 1995 i Austerrike og Ungarn. Til saman 20 land deltok i turneringa. Omframt arrangørlanda kom Danmark, Kroatia, Noreg, Romania, Russland, Slovakia, Sverige, Tsjekkia, Tyskland og Ukraina frå Europa. Dei andre verdsdelane var representert med Angola og Elfenbeinskysten frå Afrika, Kina, Japan og Sør-Korea frå Asia, Canada og USA frå Nord-Amerika og Brasil frå Sør-Amerika.

Kampprogram Turneringa vart avvikla gjennom gruppespel og deretter utslagsspel. Gruppene omfatta fem lag kvar. Dei tre beste laga i kvar gruppeegjekk vidare til utslagskamp, nummer 4 og 5 i gruppene måtte gjennom ein ekstra utslagskamp før dei nådde åttedels-finalane. Noregs mannskap enda på andreplass i gruppe A, etter Austerrike. I utslagsspelet vann Noreg fyrst 32-21 over Slovakia, deretter vart Roamnia eliminert med 21-19 i kvartfinalen. Noreg leia med to mål ved pause i semfinalene mot Ungarn, men enda opp med eittmålstap: 21 mot 22.

Bronsefinalen Bronsekampen mellom Danmark og Noreg i Györ var jamn. Etter norsk føring 12–11 ved pause, snudde Danmark til 25–24 ved full tid. Anja Andersen vart toppskårar i kampen med 11 fulltreffarar for Danmark. Dei austerrikske dommarane straffa Danmark med fire og Noreg med tre 2-minuttsutvisingar.

Noreg stilte med målvaktene Cecilie Leganger og Annette Skotvoll , rykkromspelarane Tonje Sagstuen (1), Kjersti Grini (5), Susann Goksør (6), Tonje Larsen (4), Cathrine Svendsen (2), Mette Davidsen, linjespelarane Kari Solem, Hege K. Kvitsand (4) og kantspelarane Ann Cathrin Eriksen og Mona Dahle (2). Heidi Tjugum, Kristine Moldestad og Else Karin Bekkelund deltok tidlegare i meisterskapen.

Finalen Kampen fann stad i Wiener Neustadt framom 5 500 tilskodarar. Sør-Korea sikra seg meisterpokalen etter finalesiger 25-20 mot Ungarn. Kampen var jamnare enn sluttsiffera skulle tyde. Lim O-kyeong var toppskårar for meisterlaget med sine 6 nettkjenningar. Flest finalemål skåra Erzsébet Kocsis med sin 7 skåringar for Ungarn. Ungarn måtte tole seks utvisingar, Sør-Korea slapp med to. Spanske dommarar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Handball-Weltmeisterschaft der Frauen 1995» frå , den 4. desember 2017.

Arbeiderbladet 18. desember 1995

Kategori:Handball-VM Kategori:Idrettstilskipingar i Austerrike Kategori:Idrettstilskipingar i Ungarn