Ein emneknagg (engelsk hashtag) er symbolet # følgt av eit ord eller ein frase utan mellomrom mellom # og påfølgande bokstav eller tal. Ein emneknagg legg til metadata og knyter meldingar saman. Bruk av emneknagg forenklar søk i sosiale nettverk som Twitter, Facebook, Google+ og Instagram og representerer ein ny måte å søke etter informasjon på. Bruk av emneknaggar vert kalla «folksonomi», som er ei form for sosial bokmerking der brukarane sjølv vel ord og formuleringar i staden for taksonomiar laga av ekspertar.
Emneknaggar tillèt berre eitt ord og vert ofte laga ved at ein utelèt mellomrommet mellom ord. Ein aukar lesbarheita ved å bruke stor bokstav inne i samansetjinga (CamelCase).
Chris Messina introduserte emneknagg på Twitter 23. August 2007, men Twitter avviste ideen i byrjinga. Den fyrste utbreidde bruken kom i oktober 2007 då lokale journalistar nytta emneknaggen #SanDiegoFire#SanDiegoFire på Twitter for å kvitre om ei rekke skogbrannar i San Diego.
Symbolet # følgt av eit ord vart nytta i PDP-11 på 1970-talet og i programmeringsspråket C i 1978. På IRC blir # brukt for å gje namn til grupper og emne.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Emneknagg» frå , den 6. desember 2017.
Bakgrunnsstoff Emneknagg. Språkrådet #InPraiseOfTheHashtag. nytimes.com (2. november 2012)
Kategori:Dataterminologi Kategori:IRC Kategori:Twitter Kategori:Web 2.0 Kategori:Internettsjargong